Hopp til innhald

Maria bodskapsdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 17. januar 2012 kl. 01:01 av 46.212.186.61 (diskusjon) (skildrer)
Maleri av Melozzo da Forlì som skildrar Maria bodskapsdag
Skildringa av Maria bodskapsdag i bønneboka Les Très Riches Heures du duc de Berry frå 1400-talet.

Maria bodskapsdag, også kjend som Marimesse om våren, Vårfrumess', Maria Bebudelse eller på latin Annuntiatio Beatæ Mariæ Virginis, er ein kyrkjeleg merkedag til minne om at Maria fekk bod fra engelen om at ho skulle bli med barn.

Dato

Den ortodokse kyrkja feirar alltid dagen den 25. mars. Denne datoen er ni månader før 25. desember, juledagen, som tradisjonelt er blitt rekna som fødselsdagen til Jesus.

Den katolske kyrkja feirar dagen den 25. mars, med visse unntak:

  • Om dagen fell i Den stille veka eller i Påskeveka, vert han feira måndagen etter Kvitesøndag, 2. søndag etter påske. Fell han saman med ein fastesøndag, vert han feira måndagen etter.»[1]

primstaven er marimesse om våren lagt til 25 mars, og markert med ei krone, ein kvinnefigur, eit hovud eller eit tre.

Kristian den femtes norske lov av 1687 slo fast at «Mariæ Bebudelsis Dag [...] skal holdis paa Palme-Løverdag, dersom den indfalder paa Palme-Søndag, eller derefter».[2] Det betyr at dersom laurdag før palmesøndag fall på den 25. mars eller tidligare, skulle Maria Bodskapsdag feirast denne dagen. Etter Festdagsreduksjonen av 1770 vart Maria bodskapsdag lagt permanent til 5. søndag i fasten. I 1977 vart han i Den norske kyrkja lagt til søndagen nærast 25. mars.[3]

Dagen vart feira som nyårsdag i delar av Europa fram til 1582. I England vart offisielle dokument datert med årsskifte 25. mars heilt fram til 1752.

Tradisjonar knytt til dagen

Fiskarane som for på Lofotfisket, feira den store brennevinsdagen på Vårfrumess' den 25. mars.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maria bodskapsdag

Fotnotar


Mal:Link FA