Bernhard Folkestad
Bernhard Dorotheus Folkestad 13. juni 1879–1933 var ein norsk kunstmålar og forfattar.
Liv og gjerning
Folkestad var son til emissæren Abraham Folkestad, fødd i London men voks opp på Folkestad i Fjaler. Han vart utdanna i Noreg, med korte opphald hos Laurits Tuxen og Kristian Zahrtmann i København i 1902 og 1903. Seinare var han på studieturar til Amsterdam i 1907, og Paris i 1909. Siste staden var han elev av Christian Krohg. Til å begynne med måla han store stillebensbilete av grønsaker eller levande fjørfe, samt enkelte interiør. Hans mest kjente måleri frå yngre år er Mørkeloftet frå 1905.
Folkestad slo gjennom i 1914 med ein festleg frise i ein av paviljongane under jubileumsutstillinga 1914. Dei neste åra laga han mange dekorative arbeid med fargerike motiv i rikfolk sine hus. Han måla altartavla i Rjukan kyrkje i 1917 og «Drammenskomposisjonen» i Drammens handelsforening. Folkestad laga også ein del tresnitt. Arne Durban seier i Norsk Allkunnebok at Folkestad «førde ein brei og frodig pensel og var ein glad og saftig kolorist».
Folkestad skreiv ei mengd avisartiklar. Desse artiklane vart samla og trykt i bøkene Blå hjul (1923), Svingdøren (1926), Sol og morild (1929) og Gullfisken (1933).
Verk
Måleri
- Paa Mørkeloftet, 1905
- Grønsager, 1906
- Høns i høstsol, 1906
- Sommernat, 1908
- Pariserfrokost, 1909
Bøker
- Blå hjul, 1923
- Svingdøren, 1926
- Sol og morild, 1929 NBdigital
- Gullfisken, 1933
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Norsk Allkunnebok IV. bandet, 1953
- Denne artikkelen bygger på «Bernhard Folkestad» frå Wikipedia på bokmål, den 1. april 2012.