Eurovision Song Contest 2002
Eurovision Song Contest 2002 | |
---|---|
Motto: | "A Modern Fairytale" |
Dato: | 10. mai 2011 |
Stad: | Saku Suurhall Tallinn, Estland |
Programleiarar: | Annely Peebo Marko Matvere |
Kringkasting: | ETV |
Deltakarland: | 24 nasjonar |
Vinnar: | Marie N |
Førre: | 2001 |
Neste: | 2003 |
Deltaking | |
Attende: | Belgia Finland Kypros Makedonia Romania Sveits |
Ikkje med: | Island Noreg Irland Nederland Polen Austerrike Portugal |
Eurovision Song Contest 2002 (ESC 2002) var den 47. Eurovision Song Contest og gjekk av stabelen 25. mai 2002 i Saku Suurhall Arena i Tallinn i Estland. Programleiarane var Annely Peebo og Marko Matvere.
Estland var det første blant dei tidlegare østblokk-landa til å arrangere Eurovision Song Contest. Det var lengje stor bekymring for at landet ikkje ville ha råd til å arrangere konkurransen, men denne svann hen då stor innsats til slutt sikra arrangementet. Temaet rundt dette årets Eurovision Song Contest var eventyr, noko som kom til uttrykk i dei såkalla postkorta som vart vist mellom songane. Konkurransen vart vunne av Marie N frå Latvia med songen I Wanna. Noreg deltok ikkje i konkurransen dette året på grunn den dårlege plasseringa si i konkurransen året før.
Opphavleg var det meint at 22 deltakerland skulle få konkurrere i konkurransen; dei 15 beste frå føregåande år pluss dei sju landa som hadde vorte ekskludert frå 2001-utgåva på grunn av dei låge poenga deira-gjennomsnitt siste fem år. Endå auka den europeiske kringkastingsunionen deltaketantallet til 24 då dei gav Israel og Portugal høvet til å delta. Portugal avsto og vart erstatta av vinnerlandet Latvia.
Dette årets utgåve beviste konkurransen sin uforutsigbarhet, då få kunne ha gjetta på førehand at konkurransen skulle bli eit reint løp mellom Malta og Latvia. Storbritannia gjorde suksess med Jessica Garlicks bidrag Come Back, som enda på delt tredjeplass med Estland. Tyskland deltok med sangerinnen Corinna May som hadde vore blind sidan fødselen, Hellas deltakarar stile i romdrakter og Slovenia sende tre menn kledd som kvinnelege flyvertinner.
Resultat
Nr. | Land | Språk | Artist | Song | Omsett tittel | Plassering | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Kypros | Engelsk | One | Gimme | Gje meg | 6 | 85 |
2 | Storbritannia | Engelsk | Jessica Garlick | Come back | Kom tilbake | 3 | 111 |
3 | Austerrike | Engelsk | Manuel Ortega | Say A Word | Sei eit ord | 18 | 26 |
4 | Hellas | Engelsk | Michalis Rakintzis | S.A.G.A.P.O | E.L.S.K.A.R D.E.G | 17 | 27 |
5 | Spania | Spansk | Rosa | Europe's living a celebration | Europa lever ei feiring | 7 | 81 |
6 | Kroatia | Engelsk | Vesna Pisarović | Everything I Want | Alt eg vil ha | 11 | 44 |
7 | Russland | Engelsk | Prime Minister | Northern Girl | Nordleg jente | 10 | 55 |
8 | Estland | Engelsk | Sahlene | Runaway | Rømling | 3 | 111 |
9 | Makedonia | Makedonsk | Karolina Gočeva | Od Nas Zavisi | Det er opp til oss | 19 | 25 |
10 | Israel | Engelsk, Hebraisk | Sarit Hadad | Light a candle | Tenn eit ljos | 12 | 37 |
11 | Sveits | Fransk | Francine Jordi | Dans le jardin de mon âme | I hagen til min sjel | 22 | 15 |
12 | Sverige | Engelsk | Afro-dite | Never let it go | Aldri la det gå | 8 | 72 |
13 | Finland | Engelsk | Laura Voutilainen | Addicted to you | Avhengig av deg | 20 | 24 |
14 | Danmark | Engelsk | Malene Mortensen | Tell Me Who You Are | Fortel meg kven du er | 24 | 7 |
15 | Bosnia-Hercegovina | Bosnisk / kroatisk / serbisk, engelsk | Maja Tatić | Na Jastuku Za Dvoje | På ei pute for to | 13 | 33 |
16 | Belgia | Engelsk | Sergio & The Ladies | Sister | Søster | 13 | 33 |
17 | Frankrike | Fransk | Sandrine François | Il faut du temps (Je me battrai pour ça) | Det tar tid (eg vil kjempa for det) | 5 | 104 |
18 | Tyskland | Engelsk | Corinna May | I can't live without music | Eg kan ikkje leva utan musikk | 21 | 17 |
19 | Tyrkia | Engelsk, tyrkisk | Buket Bengisu & Group Safir | Leylaklar soldu kalbinde | Liljene visna i hjarta ditt | 16 | 29 |
20 | Malta | Engelsk | Ira Losco | 7th Wonder | Sjuande underverk | 2 | 164 |
21 | Romania | Engelsk | Monica Anghel & Marcel Pavel | Tell me why | Fortel meg kvifor | 9 | 71 |
22 | Slovenia | Slovensk | Sestre | Samo ljubezen | Berre kjærleik | 13 | 33 |
23 | Latvia | Engelsk | Marie N | I Wanna | Eg vil | 1 | 176 |
24 | Litauen | Engelsk | Aivaras | Happy you | Glade deg | 23 | 12 |