Hopp til innhald

Nikita Krjukov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 5. mars 2013 kl. 19:31 av Migne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «mini|Nikita Krjukov i 2009 '''Nikita Valerjevitsj Krjukov''' (russisk: Никита Валерьевич...»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Nikita Krjukov i 2009

Nikita Valerjevitsj Krjukov (russisk: Никита Валерьевич Крюков) fødd 30. mai 1985 er ein russisk langrennsløpar som har spesialsiert seg på dei korte øvingane. Han vart olympisk meister i sprint i 2010 og verdsmeister i same i 2013, i 2013 vann han også VM-gullet i lag-sprinten saman med Aleksej Petukhov.

Aktiv

Krjukov debuterte i verdscupen i langrenn 25. november 2006, og hans beste individuelle verdscup-plasseringar er seks tredjeplassar i sprintlangrenn i tida desember 2009 til desember 2012.

Saman med Andrej Parfjonov gjekk Krjukov Russland inn til fjerdeplass i lag-sprinten i ski-VM 2009 i Liberec. 17. februar 2010 vann Krjukov langrennssprinten under vinterleikane i Vancouver, landsmannen Aleksandr Panzjinskij sikra russisk dobbeltsiger føre norske Petter Northug på bronseplass. I 2011 gjekk Panzjinskij og Krjukov inn til bronsemedalje på lag-sprinten under verdsmeisterskapen på ski i Holmenkollen og Oslo.

Under VM i Val di Fiemme 2013 vann Krjukov VM-gull både på den individuelle sprinten og på lag-sprinten/sprintstafetten. I sprinten spurtslo han Petter Northug som fekk sølv, medan han på lag-sprinten delte VM-tittelen med Aleksej Petukhov. Krjukov var ankermann på Russlands lag, slik han var i ski-VM 20111.

Kjelder og bakgrunnsstoff