Khoisanspråk
Khoisanspråka blir snakka i det sørlege Afrika (Sørafrika, Namibia, Angola og Botswana). Khoisantalande folk er san, khoi khoi, damara og nama. I Nordtanzania er det også to khoisan-språk, hadza og sandawe, språka til to jeger- og samlarfolk.
Khoisanspråka er den minste språkfamilien i Afrika, dei andre språkfamiliane er dei afroasiatiske språka og dei Kongo-kordofaniske språka. Tilsaman har khoisan-språka omtrent 150 000 talarar. I dag vert dei talt i Kalahari-ørkenen i sørvestlege Afrika, og i ein liten del av Tanzania. Det einaste vidstrakte språket er nama, med ein kvart million brukarar. Sandawe kjem på den andre plassen, med 40 000, og ju har 30 000. Mange av språka minskar i utbreiing, og er sjeldne og/eller utdøyande – nokre av språka er allereie utdøydde.
Grammatikk
Eit karakteristisk trekk ved khoisanspråka er dei såkalla klikkelydane. Språket juǀ'hoan har 30 klikk-konsonantar og rundt 90 ulike fonem. Språka ǃXóõ og ǂHõã er like komplekse. Dei einaste andre språka som brukar slike klikkelyder, er bantuspråka som blir snakka i nærleiken, som t.d. nguni-språka (mellom anna zulu, xhosa og nedebele) og gciriku.
Khoisanfolka i Botswana blir rekna for ein av dei eldste greinene av menneskeslekta.
Khoisanspråka
Nordkhoisanspråka
Sørkhoisanspråka
ǃKwi
ǂHõã
Midtkhoisanspråka
- Khoekhoe: nama-språket
- Khoe
Litteratur
- Schapera, I.: The Khoisan Peoples of South Africa - Bushmen and Hottentots. London : Routledge & Kegan Paul, 1960.