Lubumbashi
Lubumbashi | |||
by | |||
Land | Den demokratiske republikken Kongo | ||
---|---|---|---|
Areal | 747 000 000 km² | ||
Folketal | 1 786 397 (2012) | ||
Lubumbashi 11°39′51″S 27°28′58″E / 11.664166666667°S 27.482777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Lubumbashi |
Lubumbashi (tidlegare fransk namn Élisabethville, eller nederlandsk Elisabethstad) er største byen og provinshovudstad i Haut-Katanga lengst i sør i Kongo-Kinshasa (tidlegare Zaire). Han er med sine kring 1,5 millionar innbyggar den nest største byen i landet etter hovudstaden Kinshasa.
Lubumbashi er eit jernbaneknutepunkt og har ei internasjonal lufthamn. Byen er eit senter for gruvedrift i regionen, og huser mange av dei største gruveselskapa i landet.[1] Det statlege gruveføretaket Gécamines har hovudkontoret sitt her. I byen finst det smelteverk for kopar og kobolt, og dessutan tekstil- og næringsmiddelindustri.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen blei grunnlagt i 1910 som Élisabethville, kalla opp etter dronning Elisabeth av Belgia, kona til kong Albert I. I 1966 blei namnet endra til Lubumbashi.[2]
Lubumbashi var ei tid hovudstad for den kortliva utbrytarrepublikken Katanga som etter sjølvstendet frå Belgia utropte seg som sjølvstendig frå resten av Kongo-Kinshasa.
Lubumbashi universitet blei oppretta i 1955. I byen finst òg ein zoologisk hage.
Fotballaget TP Mazembe kjem frå Lubumbashi.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Michael J. Kavanagh (23. mars 2013). «Congolese Militia Seizes UN Compound in Katanga's Lubumbashi». Henta 23 March 2013.
- ↑ Britannica, Lubumbashi, britannica.com, vitja 7. juli 2019
- ↑ TP Mazembe Englebert (COD) Arkivert 22. juli 2011 på Wayback Machine.Wayback MachineArkivert 22. juli 2011 på Wayback Machine., FIFA.com.
- Denne artikkelen bygger på «Lubumbashi» frå Wikipedia på svensk, den 19. oktober 2018.