Nord-Innherad prosti
Utsjånad
Nord-Innherad prosti var eit tenestedistrikt i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete i Steinkjer kor Steinkjer kyrkje var prostikyrkje.[1] 1. januar 2019 vart prostiet slått saman med Sør-Innherad prosti til det nye Stiklestad prosti.[2]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske Kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.
Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.
Sokn i Nord-Innherad prosti
[endre | endre wikiteksten]- Beitstad (tidlegare prestegjeld) med
- Beitstad sokn
- Namdalseid sokn
- Inderøy (tidlegare prestegjeld) med
- Inderøy sokn
- Røra sokn
- Sandvollan sokn
- Mosvik sokn
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Steinkjer kyrkje Arkivert 2015-12-08 ved Wayback Machine. frå Kyrkjesøk
- ↑ «Nye «Stiklestad prosti» vedtatt i bispedømmerådet». Den norske kyrkja. Henta 19. januar 2020.