Hopp til innhald

Kjønn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For grammatisk kjønn, sjå genus.
Vanlegvis grupperer ein menneske som mann eller kvinne ut frå dei ytre kjønnskjenneteikna deira.

Medlemmar av mange arter kan ein plassera i to eller fleire kategoriar kalla kjønn (eldre nynorsk kyn). Ein skil ofte mellom biologisk kjønn og sosialt kjønn.

Biologisk kjønn

[endre | endre wikiteksten]

Som oftast vil ei art ha to ulike kjønn, hannkjønn og hokjønn som har ulike kjønnsorgan og produserer ulike kjønnsceller som komplementerer einannan, det vil seia, at for at ei art skal reprodusera seg må medlemmar av ulike kjønn kombinera kjønnscellene og genmaterialet sitt. Det å ha biologiske kjennemerke som ikkje heilt høver med anten hankjønn eller hokjønn kallar ein for interseksualitet.

Kva kjønn?

[endre | endre wikiteksten]

Ein definerer gjerne hokjønn som det kjønnet som lager den største forplantingscella og som regel ber avkommet. I dyr vil det seie at den som lagar egg er hokjønn, medan den som lagar sperm er hannkjønn. Men skiljet er ikkje fullt så enkelt overalt. Nokre dyr, som meitemakken, er hermafrodittar (tokjønna), medan andre dyr kan formeira seg både med eit dyr av det andre kjønnet, eller ukjønna. Insekt i årevengeordenen kan til dømes velja mellom kjønna og ukjønna formeiring. Dronningbier kan leggja befrukta egg som blir til hoer, eller ikkje-befrukta egg, som blir til mannlege droner.

Dei fleste plantar er hermafrodittar, men i nokre av dei finn ein ulike forplantingsceller i ulike plantar, og ein har dermed to ulike kjønn.

Det er som regel kjønnskromosoma som avgjer kva kjønn eit individ skal ha. For nokre artar finst det likevel andre avgjerande faktorar, slik som temperatur for krokodillar.

Kjønnskjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste kjenneteiknet på kva kjønn eit vesen har er kjønnsorgana. I tillegg har dei ofte sekundære kjønnskjenneteikn, indre og ytre skilje mellom kjønna. Dette vil seie at ulike kjønn kan ha ulik farge, storleik eller form. I menneske står kjønnshormona testosteron for menn og østrogen for kvinner for mange av kjønnskjenneteikna.

Sosialt kjønn

[endre | endre wikiteksten]

Også i dette høvet vil ein i dei fleste samfunna skilja mellom to kjønn, som ein knyter til ulike kjønnsroller. I dei siste tiåra har ein i stadig større grad gått i retning av å rekna sosialt kjønn som eit resultat av ein sosialiseringsprosess, det vil seia som ei tillært kjønnsrolle som ein ikkje kan knyta til det biologiske kjønnet. I somme kulturar kjenner dei til fleire enn to kjønn.[1] I kulturar der ein vanlegvis berre kjenner til to kjønn, kallar ein folk som har ein annan kjønnsidentitet for ikkje-binære.

  1. Partis-Jennings, Hannah (2021). «Third and fourth gender roles». I Goldberg, Abbie E. og Beemyn, Genny. The SAGE Encyclopedia of Trans Studies. SAGE. s. 831–832. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Biologisk kjønn
Commons har multimedium som gjeld: Sosialt kjønn