Goats Head Soup
Goats Head Soup Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 31. august 1973 | |
Innspelt | 25. november–21. desember 1972 og 23. mai–20. juni 1973 i Dynamic Sound Studio i Kingston på Jamaica, utanom «Hide Your Love» som var spelt inn i De Doelen i Rotterdam i Nederland, sommaren 1973 | |
Sjanger | Bluesrock | |
Lengd | 46:56 | |
Selskap | Rolling Stones | |
Produsent | Jimmy Miller | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
Exile on Main St. (1972) |
Goats Head Soup | It's Only Rock 'n Roll (1974) |
Singlar frå Goats Head Soup | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | B[2] |
The Great Rock Discography | 6/10[3] |
MusicHound | 2/5[4] |
NME | 6/10[5] |
Q | [5] |
The Rolling Stone Album Guide | [6] |
Stylus | positiv[7] |
Virgin Encyclopedia of Popular Music | [3] |
Goats Head Soup er eit album av The Rolling Stones frå 1973. Det vart spelt inn som ein oppfølgjar til det kritikarroste Exile on Main St. Goats Head Soup hadde ein meir polert produksjon enn det rå og skranglete Exile. Musikken inneheldt den særeigne rockestilen til Stones, men no òg med element av soul-pop og funk. Den kanskje best kjende songen på albumet er «Angie», som vart ein stort hit verda over.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Innspelinga av albumet starta så tidleg som 1970. To songar, «Silver Train» og «Hide Your Love», kom frå desse tidlege innspelingane og dukka opp att i november 1972 då bandet flytta til Kingston på Jamaica og Dynamic Sound Studios. Gitaristen Keith Richards sa i 2002, «Jamaica var eit av få land der alle fekk kome inn! På denne tida var Sveits det einaste landet eg kunne opphalde meg i, og det var ein kjedeleg stad for eg likte ikkje å stå på ski. Det var ni land eg ikkje fekk kome inn i.»[8]
Den første songen som vart spelt inn i Dynamic var «Winter», som sologitaristen Mick Taylor har sagt starta med berre Mick Jagger på gitar i studio og at resten kom inn etter kvart.[9]
Første singelen frå albumet, «Angie», var eit upopulært val som første singel hos Atlantic Records. Dei ønskte seg ein ny «Brown Sugar» og ikkje ein ballade.[8] I motsetnad til kva mange trur, så handla ikkje songen om den første kona til David Bowie, Angela, men om dotter til Richards, Dandelion Angela, som var nyfødd då.[10]
Trass i den tilbakelente stilen har mange av songane på Goats Head Soup ei mørk kjensle ved seg, som opningssongen «Dancing With Mr. D» (D som i death eller død) og singelen «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)», som kritiserer New York-politiet for å ha skote ein ti år gammal person ved eit uhell.
Dette var det siste Rolling Stones-album produsert av Jimmy Miller, som hadde arbeidd med bandet sidan Beggars Banquet i 1968. Miller utvikla eit narkotikamisbruk i løpet av åra han var med bandet.
I tillegg til dei offisielle bandmedlemmane spelte mellom andre Billy Preston, Nicky Hopkins og Ian Stewart på albumet.
Innspelinga vart gjort ferdig i januar 1973 i Los Angeles og mai 1973 i Olympic Sound Studios i London.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Singelen «Angie» kom ut før albumet og gjekk til topps verda over. Goats Head Soup kom ut seint i august 1973 og vart òg ein bestseljar som gjekk til førsteplass i mange land. The Rolling Stones la ut på turne i 1973 i Europa.
Albumet fekk variabel mottaking av musikkpressa. I dag vert Goats Head Soup generelt rekna som albumet som markerte slutten på «gullalderen» til the Stones. Jagger starta for fullt eit jetsett liv som rockestjerne, medan Richards vart meir og meir påverka av narkotikaproblema sine.[11] Albumet vert ofte rekna for å mangle energien og gnisten i dei tidlegare albuma, men vart ein bestseljar som mellom anna selde til trippel platina i USA.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Dancing with Mr. D» | 4:53 |
2. | «100 Years Ago» | 3:59 |
3. | «Coming Down Again» | 5:54 |
4. | «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)» | 3:27 |
5. | «Angie» | 4:33 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Silver Train» | 4:27 |
7. | «Hide Your Love» | 4:12 |
8. | «Winter» | 5:31 |
9. | «Can You Hear the Music?» | 5:31 |
10. | «Star Star» | 4:25 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal (alle utanom 3), korvokal (1, 3, 4, 6, 9, 10), elektrisk gitar (6, 8), munnspel (6), piano (7)
- Keith Richards – elektrisk gitar & korvokal (1, 3, 4, 6, 9, 10), bassgitar (2, 4, 6, 7), akustisk gitar (5), solovokal (3)
- Bill Wyman – bassgitar (5, 8-10)
- Charlie Watts – trommer (alle spor)
- Mick Taylor – elektrisk gitar (1, 2, 4, 6-10), korvokal (4, 6), bassgitar (1, 3), akustisk gitar (5)
Andre medverkande
- Nicky Hopkins – piano (1, 3, 5, 8, 9)
- Billy Preston – clavinet (2, 4), piano (4)
- Ian Stewart – piano (6, 10)
- Bobby Keys – tenorsaksofon (3, 4, 7, 10)
- Jim Horn – altsaksofon (3, 4), fløyte (9)
- Chuck Findley – trompet (4)
- Jim Price – blåsearrangement (4)
- Nicky Harrison – strykararrangement (5, 8)
- Anthony «Rebop» Kwaku Baah – perkusjon (1, 9)
- Pascal (Nicholas Pascal Raicevic) – perkusjon (1, 9)
- Jimmy Miller – perkusjon (9)
Teknisk
- Sjefsteknikar og miksar – Andy Johns.
- Assisterande lydteknikarar – Carlton Lee, Howard Kilgour and Doug Bennett.
- Fotografi og design av David Bailey.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Goats Head Soup» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ lenkje
- ↑ «Robert Christgau: CG: rolling stone». robertchristgau.com.
- ↑ 3,0 3,1 «The Rolling Stones Goats Head Soup». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 27. november 2014. Henta 28. mars 2018.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 952. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ 5,0 5,1 «The Rolling Stones – Goats Head Soup CD». CD Universe/Muze. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «The Rolling Stones: Album Guide». rollingstone.com. Archived version retrieved 28. mars 2018.
- ↑ «The Rolling Stones - Goats Head Soup - On Second Thought - Stylus Magazine». stylusmagazine.com. Arkivert frå originalen 17. september 2008. Henta 11. mars 2009.
- ↑ 8,0 8,1 Dora Loewenstein og Philip Dodd (2003). According to the Rolling Stones. San Francisco: Chronicle Books. ISBN 0-8118-4060-3.
- ↑ «Goats Head Soup». timeisonourside.com. Henta 11. mars 2009.
- ↑ McPherson, Ian. «Track Talk: Angie». Henta 11. mars 2009.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Exile on Main St.». All Music. Henta 11. mars 2009.
- ↑ 12,0 12,1 12,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «The Rolling Stones – Goats Head Soup – austriancharts.at» (ASP). Henta 31. januar 2014.
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 20, No. 10». RPM. 20. oktober 1973. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «dutchcharts.nl The Rolling Stones – Goats Head Soup» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 28. mars 2018.Merk: vel 'The Rolling Stones' i vallista.
- ↑ 17,0 17,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1973» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 28. mars 2018.
- ↑ Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9.
- ↑ «norwegiancharts.com The Rolling Stones – Goats Head Soup» (ASP). Henta 28. mars 2018.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ «Swedish Charts 1972–1975 / Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Oktober 1973 > 9 Oktober» (PDF) (på svensk). hitsallertijden.nl. Arkivert frå originalen (PDF) 23. mars 2012. Henta 3. mai 2012.
- ↑ «The Rolling Stones > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 1. mai 2013.
- ↑ «Allmusic: Goats Head Soup : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 1. mai 2013.
- ↑ «Album Search: The Rolling Stones – Goats Head Soup» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 1. mai 2013.
- ↑ «Dutch charts jaaroverzichten 1973» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen (ASP) 17. april 2014. Henta 2. april 2014.
- ↑ «Les Albums (CD) de 1973 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 27. oktober 2012. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Billboard.BIZ Top Pop Albums of 1974». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 29. april 2014.
- ↑ «French album salstrofé – The Rolling Stones – Goats Head Soup» (på fransk). InfoDisc. Select THE ROLLING STONES and click OK
- ↑ «Les Albums Or» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 29. april 2014. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «British album salstrofé – The Rolling Stones – Goats Head Soup». British Phonographic Industry. Enter Goats Head Soup in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – The Rolling Stones – Head Soup». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
Føregangar Foreigner Cat Stevens |
Toppen av VG-lista The Rolling Stones 6 veker, Veke 39–44, 1973 |
Etterfylgjar Portrett Lillebjørn Nilsen |
Føregangar Stutum 2 Bjørn Sand & Totto Osvold |
Toppen av VG-lista The Rolling Stones 1 veke, Veke 4 1974 |
Etterfylgjar Band on the Run Paul McCartney & Wings |
- Album på toppen av VG-lista
- Rolling Stones-album
- Musikkalbum frå 1973
- Album produserte av Jimmy Miller
- Atlantic Records-album
- Rolling Stones Records-album
- Virgin Records-album
- Nummer-ein-album i Australia
- Nummer-ein-album i Canada
- Nummer-ein-album i Nederland
- Nummer-ein-album i Frankrike
- Nummer-ein-album i Spania
- Nummer-ein-album i Storbritannia
- Nummer-ein-album i USA