Hammarhai
Hammarhai | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av hammarhai | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Bruskfiskar Chondrichthyes |
Infraklasse: | Neoselachii |
Overorden: | Haiar Selachimorpha |
Orden: | Carcharhiniformes |
Familie: | Hammarhai Sphyrnidae Gill, 1872 |
Hammarhaiar eller hamarhaiar (slekt Sphyrna) er ei gruppe haiar med karakteristiske hovudformar. Det finst hammarhai i dei fleste hav, men dei går sjeldan inn i område med vasstemperatur under 20 °C. Dei nordlegaste observasjonane er frå den engelske kanalen.
Det finst 9 artar hammarhai, 3 av desse kan vera farlege for menneske. Hammarhaiar utgjer dei fleste artane i familien Sphyrnidae, men Eusphyra blochii (eng. Winghead shark) blir ofte plassert i ei eiga slekt.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Hammarhaiane har fått namnet sitt etter den karakteristiske hovudfasongen dei har, som kan likna på ein hammar med t-forma si. Augo og nasebora sit ytst på kantane. Grunnen til at dette hovudet ser ut som det gjer er omstridt. Munnane er særs små i høve til resten av storleiken.
I gjennomsnitt er ein hammarhai opptil 4 m lang, men nokre artar kan bli heile seks meter lange og vege 900 kg.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Hammarhaien er ein aggressiv predator som et fisk, blekksprut og krepsdyr. Ein finn dei som regel i varmt vatn langsmed kystlinjer og på kontinentalsokkelen. Dei jaktar som regel om natta, åleine og for ein stor del langs botnen. Om dagen sym dei i stim.
Hammarhaiar parrar seg om sommaren og har indre befruktning. Hoa slepp ikkje ut egga som andre haiar, men ber dei inne i kroppen. Larvane får næring frå plommesekken, som på same måte som ei morkake er forbunden med mora sitt blodsystem. Eit kull haiungar kan bestå av opptil 55 fisk, avhengig av kor stor mora er. Dei vert fødd levande med hovudet bøygd bakover, og får eit arr på buken frå der plommesekken var festa. Dette er analogt med navlen hjå pattedyr. Ungdyra lever på grunt vatn
Det har òg vorte rapportert jomfrufødslar hjå hammerhai.
Artar
[endre | endre wikiteksten]- Slekt Sphyrna
- Underslekt Sphyrna
- Sphyrna (Sphyrna) lewini (Griffith & Smith, 1834) (mogleg to artar.)
- Stor hammarhai, Sphyrna (Sphyrna) mokarran (Rüppell, 1837)
- Glatt hammarhai, Sphyrna (Sphyrna) zygaena (Linnaeus, 1758)
- Kvitfinne-hammarhai, Sphyrna (Sphyrna) couardi Cadenat, 1951
- Underslekt Mesozygaena
- Sphyrna (Mesozygaena) corona Springer, 1940
- Underslekt Platysqualus
- Sphyrna (Platysqualus) media Springer, 1940
- Sphyrna (Platysqualus) tiburo (Linnaeus, 1758)
- Sphyrna (Platysqualus) tudes (Valenciennes, 1822)
- Underslekt Sphyrna
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) hammarhai – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) hammarhai i Encyclopedia of Life
- (en) hammarhai i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) hammarhai hos Dyntaxa
- (en) hammarhai hos Fossilworks
- (en) hammarhai hos ITIS
- (en) hammarhai hos NCBI
- (en) Kategori:Sphyrnidae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Sphyrnidae – detaljert informasjon på Wikispecies