Hopp til innhald

Såpeopera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Såpeopera er eit økenamn på dagtidsfjernsynsseriar med svært mange episoder og stort persongalleri. Ein såpeopera har gjerne mange intriger og innfløkt handling, og tek ofte utgangspunkt i velståande familier og deira vener og fiendar. Mange slike seriar har mange melodramatiske element.

Det finst svært få eksempel på norsk såpeopera, men Venner og Fiender og Hotel Cæsar er eksempel på dette.

USA og Latin-Amerika er storprodusentar av slike seriar, dei mest kjende amerikanske seriane er Dallas, Dynastiet, Beverly Hills 90210, Days of Our Lives (som er ein av verdas eldste såpeoperaar) og The Bold and The Beautiful (Glamour).

Namnet «såpeopera» kjem truleg av at slike seriar vart sendt på dagtid også i fjernsynets barndom, og at dei var mynta på heimeverande kvinner. Dermed var såpeprodusentar storannonsørar. «Opera» peiker tilbake på melodramaet i seriane.

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.