Val Curciusa
Val Curciusa | |||
dal | |||
Curciusa Alta sett frå sør (utsyn over dalen)
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Val Curciusa 46°30′19″N 9°15′36″E / 46.5052°N 9.2599194444444°E | |||
Wikimedia Commons: Val Curciusa |
Val Curciusa er ein fjelldal i Graubünden i Sveits. I området ved San Bernardino-passet knyter han saman Rheinwalddalen og Misoxdalen.
Val Curciusa går sørover frå Nufenen i retning mot Misoxdalen, og endar opp ved Bocchetta di Curciusa, ein fjellovergang, som er mogeleg å sjå direkte frå San Bernardino mot søraust. Dalen er kring 9 km lang og vert drenert av elva Areua, som munnar ut i Hinterrhein ved Nufenen.
Sjølv om dalen drenerer mot nord, er om lag 85 % av området, fram til om lag 2 km før samløpet mellom Areua og Hinterrhein, i kommunen Mesocco sør for nedslagsfelt.
Dei høgaste fjelltoppane på austsida av dalen er Pizzo Tambo, sør for Areuapasset og Guggernüll, nord for passet. Dei høgaste toppane på vestsida er Piz de la Lumbreida, sør for stien til Val Vignun og Einshorn nord for stien.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Mot vest frå Bocchetta di Curciusa; ein kan sjå fjella vest for San Bernardinopasset, inkludert Piz Pian Grand.
-
Curciusa Bassa mot sør; i bakgrunnen til venstre Curciusa Alta, og til høgre Val Rossa
-
Alpe di Rog mot sør
-
Curciusa Bassa
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Val Curciusa» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tip Tour San Bernardinopasset Hiking (PDF), The Alps 9, SAC, 2009, s. 15–17, arkivert frå originalen (PDF) 5. oktober 2011, henta 5. januar 2011
- Den tyske versjonen av artikkelen