Celine
Utsjånad
(Omdirigert frå Céline)
Celine og Seline er opphavleg franske kvinnenamn med skrivemåten Céline. Andre skrivemåtar er Celina og Selina.
Namna kan stamma frå det latinske Caelina, ei hokjønnsform av slektsnamnet Caelinus, ein variant av Caelius som kjem frå caelum, 'himmel'. Celine kan òg ha oppstått som ei kortform av Marceline.
Celine har norsk namnedag den 21. februar.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Céline Bonnier (f. 1965), kanadisk skodespelar
- Céline Dion (f. 1968), kanadisk songar
- Celina Midelfart (f. 1973), norsk forretningskvinne
- Celine Brun-Lie (f. 1988), norsk langrennsløpar
Etternamn
[endre | endre wikiteksten]- Louis-Ferdinand Céline, løyndenamn for forfattaren Louis-Ferdinand Destouches (1894-1961)