Australdrakelilje
Australdrakelilje | |
Australdrakelilje | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av australdrakelilje | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aspargesfamilien Asparagaceae |
Underfamilie: | Lomandroideae |
Slekt: | Cordyline |
Art: | Australdrakelilje C. australis |
Vitskapleg namn | |
Cordyline australis |
Australdrakelilje (Cordyline australis) er eit tre i aspargesfamilien som kjem frå New Zealand. Det kan bli inntil 20 meter høgt. Blada er sverdforma og blir 40-90 cm lange og 3-7 cm breie.
Små individ har berre ei bladkrone, men etterkvart vil det koma ut nye skot frå stammen like under krona som blir til nye greiner med eigne bladkroner. Det er ofte etter bløminga at dei nye skota veks ut. Planten blømer seint på våren til seinsommaren og har kvite kremaktige blomar i tette klasar som blir 50-100 cm lange. Fruktene er som kvite bær med ein diameter på 5-7 mm.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Australdrakelilje er blitt utbreidd som prydplante utanfor New Zealand, hovudsakleg i Vest-Europa og på Dei britiske øyane, men også på nordvestkysten av USA. Mykje av grunnen til at han er populær er at planten er tilpassa kjølige klima men gjev ein tropisk effekt, også i hagar med temperert klima.
Australdrakelilje passar godt i maritimt klima langs sørvestkysten av Noreg,der middeltemperaturen vinterstid ikkje går under null grader celcius. Etablerte individ skal ha overlevd kortvarige temperaturar ned mot −10 grader celcius, men vil trenga vern i strenge og langvarige vintrar med mykje snø. I tilfelle der bladkrona er blitt skadd av vêr og vind kan det skyta nye skot frå stammen lenger nede.
Variantar
[endre | endre wikiteksten]I tillegg til den vanlege grøne varianten finst det fleire andre variantar som Red Sensation, Red Star, Sundance og Variegata.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Australdrakelilje» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2019.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- A. Mitchell (1977). Trær i skog og hage. Sett om av I. Gjærevoll. Tiden. s. 389. ISBN 82-10-01282-7.
- T. Kristoffersen (1970). Stueplantene i farger. Aschehoug. s. 163–164.