Jerevan
Jerevan Երեւան | |||||
---|---|---|---|---|---|
Jerevan med Ararat i bakgrunnen | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land | Armenia | ||||
Grunnlagd | 782 fvt. | ||||
Ordførar | Tigran Avinyan | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 227 km² | ||||
Flatevidd - By |
227 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - By - folketettleik |
1 226 000 5 196,4/km² | ||||
Koordinatar | 40°10′11.99″N 44°31′12″E / 40.1699972°N 44.52000°E | ||||
Høgd over havet | 989 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
GMT (UTC+4) GMT (UTC+5) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: www.yerevan.am | |||||
Plassering | |||||
Plasseringa av Jerevan i Armenia |
Jerevan er hovudstaden og den største byen i Armenia. Han ligg ved elva Hrazdan, og er det administrative, kulturelle og industrielle senteret i landet.
I dag har byen om lag 1,226 millionar innbyggjarar (2004).
Namn
[endre | endre wikiteksten]Jerevan blir skrive Երեւան eller Երևան med armensk skrift, İrəvan på aserbajdsjansk og Ереван på russisk. Ein kan stundom skriva namnet som Erevan med latinske bokstavar, og byen er tidlegare blitt kalla Erebuni og Erivan.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Soga om Jerevan går heilt tilbake til 700-talet fvt., då den urartuiske festninga Erebuni vart bygd i 782 fvt. Byen låg langs Silkevegen, den viktigaste handelsruta mellom Europa og Asia, og var derfor strategisk viktig. Jerevan har vore kontrollert av både arabarar, persarar og Det osmanske riket før Russland annekterte byen i 1828. Mellom 1917 og 1991 var byen ein del av Sovjetunionen.
Ordførarar
[endre | endre wikiteksten]- Jervand Zakharjan (2003-2009)
- Taron Margaryan (2011-[2])
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Countries Compared by Geography > Capital city with population. International Statistics». NationMaster.com.
- ↑ «Mayor». yerevan.am. Henta 30. juni 2018.