Trymskvadet er eit gudedikt i Den eldre Edda.
Faktaboks
- Også kjend som
- Trymskvida norrønt Þrymskviða
Trymskvadet fortel at Trym – «tussekongen», ein jotun – har stole hammaren Mjølner frå guden Tor, og forlanger Frøya til hustru før han gir hammaren tilbake. Frøya svarer nei, og æsene kler då ut Tor som brud og sender han til jotunheimen med den slue Loke til terne. Under jotunbryllaupet får den utkledde bruda, Tor, hammaren tilbake. Då knuser Tor både Trym og heile ætta hans med hammaren.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.