Fortunet
Utsjånad
Fortunet | |||
stad | |||
Fortunet
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
Gardnummer | 74 | ||
Ferdselsårer | E39 Osvegen | ||
Fortunet er ein gard i Fana i Bergen kommune søraust for Kalandsvatnet.
Det er framleis gardsdrift på garden.
Europaveg 39 går over garden.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet kan ha kome av at han var den ytste garden ut mot Os
Historie
[endre | endre wikiteksten]Garden høyrte til Lyseklostergodset og kom i sjølveige frå 1873.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Garden ligg søraust for Kalandsvatnet like sør for Kalandseidet og vest for Eidatjørna i Osvassdraget. Garden strekkjer seg bort frå europavegen og busetnadane og sørvestover mot Grønlia og Vardahaugane (309 moh)
Garden grensar til Kaland i nord, Bahus i aust og sør, og Kismul i vest.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.