Hopp til innhald

Fortunet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fortunet
stad
Fortunet
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 74
Ferdselsårer E39 Osvegen

Fortunet er ein gard i Fana i Bergen kommune søraust for Kalandsvatnet.

Det er framleis gardsdrift på garden.

Europaveg 39 går over garden.

Fortunet dekkjer høgredelen av bilete på andre sida av vegen. Resten høyrer til Bahus.

Namnet kan ha kome av at han var den ytste garden ut mot Os

Garden høyrte til Lyseklostergodset og kom i sjølveige frå 1873.

Garden ligg søraust for Kalandsvatnet like sør for Kalandseidet og vest for Eidatjørna i Osvassdraget. Garden strekkjer seg bort frå europavegen og busetnadane og sørvestover mot Grønlia og Vardahaugane (309 moh)

Garden grensar til Kaland i nord, Bahus i aust og sør, og Kismul i vest.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kalandseidet