Akupunktur
Akupunktur | |||
| |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
ICD-10-kode: | 8/E/0/H/8E0H30Z | ||
MeSH | D015670 | ||
MeSH | D026881 |
Akupunktur (av latin acus, 'nål', og punctura, 'stikk') er ein gammal terapimetode som går ut på å stikka nåler inn i visse punkt på kroppen. Metoden er viktig i tradisjonell kinesisk medisin, men også ein del i vestlege samanhengar. Akupunktur blir mest brukt på menenske, men kan også brukast på dyr som ei form for smertelindring.
Det finst mange forskjellige filosofiar og teknikkar for akupunktur. Dei klassiske kinesiske teoriane om qi, meridianar og akupunkturpunkt har ikkje vitskapleg belegg.[1] Akupunktur er likevel ei alternativ medisinform som er blitt mykje studert, og er i utbreidd bruk over heile verda. Metoden kan verka ha effekt for ein del lidingar som kvalme, ryggsmerte og hovudverk, [2] sjølv om dette i dei fleste studiar gjerne kan forklarast som ein placeboeffekt.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Barrett, S (30 December 2007). «Be Wary of Acupuncture, Qigong, and "Chinese Medicine"». Quackwatch. Henta 4 May 2015.
- ↑ Berman, Brian; Langevin, Helene; Witt, Claudia; Dubner, Ronald (29 July 2010). «Acupuncture for Chronic Low Back Pain». New England Journal of Medicine 363 (5): 454–461. PMID 20818865. doi:10.1056/NEJMct0806114.
- ↑ Ernst, E. (2006). «Acupuncture--a critical analysis». Journal of Internal Medicine 259 (2): 125–137. ISSN 0954-6820. PMID 16420542. doi:10.1111/j.1365-2796.2005.01584.x.
- Bruset, Stig; Grimsgaard, Sameline; Olsen, Thale Kristin; Kjøll, Georg (17. oktober 2013), «Akupunktur», Store medisinske leksikon, henta 24. februar 2017
- Velle, Weiert Martin (23. februar 2016), «Akupunktur: veterinærmedisin», Store norske leksikon, henta 24. februar 2017
- Denne artikkelen bygger på «Acupunture» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2017.