Hopp til innhald

Balanda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Balanda
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 1 900 km²
Lengd 164 km
Munning Medveditsa
Kart
Balanda
51°20′29″N 44°47′21″E / 51.3415°N 44.7891°E / 51.3415; 44.7891
Wikimedia Commons: Balanda River

Balanda (russisk Баланда ) er ei elv i Saratov og Volgograd oblast i Russland og ei av sideelvane til Medveditsa frå høgre i nedslagsfeltet til Don. Elva er 164 km lang og har eit eige nedslagsfelt på 1 900 km².

Elva spring ut frå Volgahøgdene i Saratov oblast og renn søraustover til ho munnar ut i Medveditsa i Volgograd oblast. Mesteparten av vassføringa kjem frå snøsmelting frå Volgahøgdene. Den største byen ved elva er Kalininsk.