Bininj-kunwok-språket
Kunwinjku | ||
Klassifisering | Arnhem Gunwinyguspråk Gunwinggisk | |
Bruk | ||
Tala i | Australia | |
Kunwinjkutalande i alt | 1702 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | gup | |
Glottolog | gunw1252
|
Kunwinjku (også gunwinggu, gunwinjgu, bininj gunwok[1] eller mayali, er eit australsk språk, snakka i Nord-Australia, særleg i dei vestre delane av Arnhem Land. Det er rundt to tusen talarar.
Fonologi
[endre | endre wikiteksten]Kunwinjku har, på same måten som andre språk i Arnhem Landog til skilnad frå andre australske språk, eit fonem glottal lukkelyd, to serier med lukkelydar (kort og lang), fem vokalar utan lengdedistinksjon, komplekse koda men enkle onset, og lik fonotaks for ord og stavingar.[1]
Konsonantar
[endre | endre wikiteksten]Peripheral | Laminal | Apical | Glottal | |||
---|---|---|---|---|---|---|
Bilabial | Velar | Postalveolar | Alveolar | Retroflex | ||
Lenis stop | p | k | c | t | ʈ | ʔ |
Fortis stop | pː | kː | cː | tː | ʈː | |
Nasal | m | ŋ | ɲ | n | ɳ | |
Lateral | l | ɭ | ||||
Rhotic | r | ɹ | ||||
Approximant | w | j |
Vokalar
[endre | endre wikiteksten]Fremre | Midtre | Bakre | |
---|---|---|---|
Lukka | i | u | |
Halvopen | e | o | |
Open | a |
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]Kunwinjku er polysyntetisk, og dei grammatiske relasjonane blir primært vist med ulike verbformer. Verbet har obligatorisk kongruens med fleire argument, fleire avleiingssuffiks (m.a. benefaktiv, komitativ, refleksiv/resiprok og tempus-aspekt-modus-morfologi). Verbet kan også inkorporere både substantiv og verb.
Nomen har ei meir perifer rolle i grammatikken. Substantiva i kunwinjku har fire substantivklassar, og eit par fakultative semantiske kasus. Substantiva har avleiingsmorfologi og dynamisk samansetjing.
Morfologi
[endre | endre wikiteksten]Kunwinjku har ein agglutinerande morfologi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bininj Kunwok language» frå Wikipedia på engelsk, den 21. april 2019.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Carroll, Peter J. 1976. Kunwinjku: a language of Western Arnhem Land. MA Thesis, Australian National University, Canberra.
- Etherington, S., & Etherington, N. 1996. Kunwinjku Kunwok: a short introduction to Kunwinjku language and society, 2nd ed. Kunwinjku Language Centre: Kunwinjku Language Centre.
- Evans, Nicholas. 2003. Bininj Gun-Wok: a pan-dialectal grammar of Mayali, Kunwinjku and Kune: Pacific Linguistics 541, Canberra: Pacific Linguistics.
- Oates, Lyn F. 1964. A tentative description of the Gunwinggu language (of western Arnhem Land). Sydney: Oceania Linguistic Monographs.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bibliography of Gundjeihmi people and language resources Arkivert 2015-05-29 ved Wayback Machine., at the Australian Institute of Aboriginal and Torres Strait Islander Studies
- Bibliography of Kune people and language resources Arkivert 2015-05-29 ved Wayback Machine., at the Australian Institute of Aboriginal and Torres Strait Islander Studies