Bracknell
Utsjånad
Bracknell | ||
---|---|---|
Utsyn frå Ocean House | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Berkshire | |
Distrikt | Bracknell Forest | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
78 763 | |
Koordinatar | 51°25′N 0°45′W / 51.417°N 0.750°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | RG12, RG42 | |
Telefon-retningsnummer | 01344 | |
Bracknell er ein by i Bracknell Forest i Berkshire i England. Han ligg 18 km søraust for Reading, 16 km sørvest for Windsor og 53 km vest for London. Byen har opp under 80 000 innbyggjarar.
Namnet Bracknell vart først omtalt i Winkfield Boundary Charter i 942 som Braccan heal, og kan tyde «Kroken som høyrer til Bracca», frå gammalengelsk Braccan + heal, healh (eit hjørne, krok eller hemmeleg stad).[1] Ei tidleg form av bynamnet Brakenhale finst framleis som namn på ein av skulane i byen.
Byen er omgjeve i aust og sør av dei store skogane Swinley Woods og Crowthorne Woods. Byområdet har vokse saman med fleire lokale utanomliggande område som Warfield, Winkfield og Binfield.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bracknell» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mills, A.D: A Dictionary of English Place-Names, page 46. Oxford University Press, 1991.