Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Ranveig/Usortert005

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hovudsida har problem

[endre wikiteksten]

Hovudsida freister no å vise artikkelen for veke 52, 2011. Kva gjer vi med det?Hogne 1. januar 2011 kl. 01:12 (CET)[svar]

Hjælp! Retta framvisinga med ei omdirigering, men teljinga blir feil for tidlegare artiklar. Skal sjå meir på det seinare om ikkje andre har idear. --Ranveig 1. januar 2011 kl. 03:04 (CET)[svar]

Bybanen i Bergen - Ulukker

[endre wikiteksten]

Eg har skrive dette inn på diskusjonssiden for fleire dagar sidan og i mellomtida har bybanen greidd å krasje endå ein gong så eg "oppdaterte" det eg hadde skrive på diskusjonssiden. Ingen svarte der. men no til saka: Eg berre lurte på om det hadde vore greitt om eg laga ei liste over ulukkene i ein tabell? Og ein ting til, heitar det ulykkene eller ulukker på nynorsk, kva er riktig eigenleg? MVH Megnorge 5. januar 2011 kl. 18:19 (CET)[svar]

Hei! Det er lett å legga inn ting, så det må du gjerne gjere, så kan me heller skjere ned att om det blir for detaljert. Kanskje berre ta med større hendingar?
Både «ulukke» og «ulykke» er lov på nynorsk, men du må bruka berre éi form i ein artikkel. Du kan sjekka rettskriving her. --Ranveig 5. januar 2011 kl. 18:38 (CET)[svar]
Okei. eg lagar først ein tabell med 13 ulukker. Så får de sjå etterpå. Eg hadde synst det hadde vore fint med ein sånn liste, og no som banen er ganske ny er det lettare å få med seg alle ulukkene. Men viss han blir for lang kan vi jo lage ein ny artikkel eller fjerne nokre av dei ulukkene som ikkje er så store. Og så vil eg berre seie at de her på nynorsk wp er veldig hyggelege. tusen takk for hjelpa. MVH Megnorge 5. januar 2011 kl. 19:33 (CET)[svar]

Eg ville skrive ulykker. Det er viktig at ein skriv moderne norsk og ikkje arkaiske former. Ser du har endra skinne til skjene, men skjene er nok arkaisk og bygger opp under Juster sin sketsj.

Ein kan meina kva ein vil, men det du set ord på her er rein xenofobi. Ordet skjena er ikkje arkaisk, det er det einaste som er normert. --Harald Khan Ճ 5. januar 2011 kl. 21:03 (CET)[svar]
Eg vil berre seie at det som står i artikkelen no, har stått der heile tida. Eg held på å lage ein tabell som eg skal leggje ut i artikkelen i morgon (6. januar). MVH Megnorge 5. januar 2011 kl. 21:06 (CET)[svar]

Som eg også har skreve på diskusjonssiden til artikkelen meiner eg dette er ein svært dårleg ide, all den tid det faktisk ikkje har skjedd noko det gjev meining å kalle ei «ulukke» med Bybana. Sjå gjerne tilsvarande diskusjon på bokmål for utdjuande argument. 3s 8. januar 2011 kl. 14:14 (CET)[svar]

«Ulykker» kjem ut av proposjonar her, dette er litt kuriosum som ikke passar inn i denne artikkelen. At nokon har kasta fyrverkeri på ein bybane er ikkje nødvendigvis leksikonstoff. (og heile diskusjonen kan kanskje flyttast hit) --Roar 8. januar 2011 kl. 14:34 (CET)[svar]

Slette brukar

[endre wikiteksten]

Korleis kan ein få slette brukaren sin? Er det mogleg å få slette han? MVH Megnorge 8. januar 2011 kl. 19:18 (CET)[svar]

Det er kanskje mogleg å gøyme han vekk, men bidraga vil bli ståande i sidehistorikken. --Ranveig 8. januar 2011 kl. 22:57 (CET)[svar]
Takk for svar. for eg vil gjerne fjerne de andre brukerene mine og berre bruke denne og oppføre meg fint. Eg vil eigenleg berre hjelpe til her. Og de brukerene eg vil fjerne er TVNorge og MEG.AMG, eg har berre dei to utanom denne så viss nokre skriv at eg har fleire så er det ikkje sant! MVH Megnorge 9. januar 2011 kl. 00:32 (CET)[svar]
Så lenge du med din konto kjem med gode bidrag, synest eg ikkje du skal bry deg om dei andre. Du skal sjølvsagt ikkje gje deg ut for å vera ulike personar ved hjelp av ulike kontoar, men om du ikkje bruker dei andre, gjer du jo ikkje det. --Ranveig 9. januar 2011 kl. 21:36 (CET)[svar]

Gamle årstal

[endre wikiteksten]

Hei Ranveig! Godt nytt år!

I dag byrja eg å gå over personartiklar for folk som vart fødde på 1700-talet eller tidlegare, fordi eg har oppdaga at når det er ganske stor semje om at ein person er fødd i, sei, 1268, har han ofte likevel vorte sett i kategorien fødde i 1260-åra. Eg ville difor setja desse i kategorien for sjølve årstalet, t.d. fødde i 1268.

Då eg kom til ein av dei gamle norske kongane, og prøvde å setja han i ein slik kategori, såg eg at kategorien tidlegare hadde vore oppretta, men sletta av deg ein gong i 2006. Eg ignorerte dette ein gong, og laga kategorien likevel. Men då det same gjentok seg med ein annan gamal konge, stansa eg.

Kva slags politikk skal me gå etter med slike gamle årstalskategoriar? Personleg tykkjer eg at me godt kan fylgja mønsteret til bokmålswikipedia, som ser ut til å ha ein kategori for fødslar og ein for dødsfall for kvart årstal ganske langt tilbake i tid. Riktignok har dei om lag 150.000 fleire artiklar enn oss, men me har ikkje så reint få gamle personartiklar sjølve heller! Iallfall har me fleire enn me hadde i 2006!

Så det eg eigentleg lurar på, er: har du noko imot det viss eg lagar kategoriar for fødde i årstal og døde i årstal for personartiklar der ein er rimeleg sikker på fødsels-/dødsårstalet?

Eller viss ikkje, kvifor?

Med venleg helsing, HallvardLid 11. januar 2011 kl. 15:51 (CET)[svar]

Godt nyttår til deg òg. Nei, eg har ikkje noko imot om du oppretter eller gjenoppretter slike kategoriar. Det viktigaste er god orden. Sjølv synest eg det er litt rart med årstalskategoriar som berre inneheld ein eller to personar, og som så er sorterte inn i tiårskategoriar som berre inneheld ein eller to kategorar. I slike høve kan dei kanskje leggjast inn i høgare kategoriar (òg)?
Elles må eg seia det er godt og systematisk arbeid du gjer, både med folk og by'r! --Ranveig 11. januar 2011 kl. 17:00 (CET)[svar]
Hehe! Ok. Takk for det, og det er mange gode og solide artiklar du skriv også! HallvardLid 11. januar 2011 kl. 18:51 (CET)[svar]

Folk som berre tullar

[endre wikiteksten]

Hei. Det er ein del folk som ikkje er brukarar som berre tullar her på wikipedia. Eg har blant anna ordna sidan om barack obama, slik at han skal vere fin igjen. Der var det ein som hadde skrive at obama var han 11 presidenten i usa og at han var homse. Såg eg synast at vi bør passe litt betre på. Men kan du sjå på sidan om P!nk, der skreiv eg det som står inne i parantesen etter namnet hennar. Er det greitt at det er sånn, for det var ein som ikkje er brukar som fjerna det. MVH Megnorge 14. januar 2011 kl. 15:32 (CET)[svar]

Hei, det blir patruljert mot tull, og addressar som står bak for mykje av det blir blokkert. Fint du er med og rydder opp. Når det gjeld P!nk tok den anonyme brukaren ut "skrevet", som er bokmål, og formulerte vel elles artikkelen slik me pleier omtala folk. Det er ein del som har så mange ulike namn at det ikkje nytter å nemna alle framfor datoane. Så der ville eg vurdert å rulla attende attenderullinga. --Ranveig 14. januar 2011 kl. 15:39 (CET)[svar]
Okei. Det var ikkje meininga å skrive på bokmål. Eg såg det ikkje før du sa det no. Eg nytter både nynorsk og bokmål til dagleg så det kan bli lite tull av og til. Men eg prøver så godt eg kan å hjelpe til. Takk for svar. MVH Megnorge 14. januar 2011 kl. 15:42 (CET)[svar]
Brukarar som ikkje meistrar nynorsk betre enn at dei tykkjer det verkar rett å skrive «skrevet» i den setninga bør ikkje vere autopatruljerte. --89.9.14.215 14. januar 2011 kl. 16:50 (CET)[svar]
Patruljeringa har me mest for å luka ut vandalisme; me har ikkje stor nok kapasitet til å nytta henne for mildare språkvasking og slikt, diverre. --Harald Khan Ճ 14. januar 2011 kl. 17:00 (CET)[svar]
Det var éit uhell. Alle kan skrive feil ein gong i blant. MVH Megnorge 16. januar 2011 kl. 14:37 (CET)[svar]

Hei. Eg ynskjer å byta frå eitt psevdonym til eit anna, nemleg til Njardarlogar. Sameleis lyt botten min heita NjardarBot. På førehand takk. --Harald Khan Ճ 16. januar 2011 kl. 14:30 (CET)[svar]

Det er no gjort. Det er mogleg du må opprette ein ny global konto. --Ranveig 16. januar 2011 kl. 14:56 (CET)[svar]
Takk takk. Det er ein krokut veg å fara når det kjem til å skifta brukarnamn for globale kontoar, so ideelt sett held ein på brukarnamnet sitt lengst mogleg, ikkje minst ;-) --Njardarlogar 16. januar 2011 kl. 15:10 (CET)[svar]

Kommuneartiklar.

[endre wikiteksten]

Hei sann! Eg har eit lite dilemma her. Brukar:Thesam er ihuga på at kommuneartiklane om Os i Hordaland og Nes i Akershus skal heite Os kommune i Hordaland fylke og Nes kommune i Akershus fylke. Eg er ikkje samd med han. Kva synest du? Bør flotte titlar som Os i Østerdalen måtte vike for Os kommune i Hedmark fylke? --Fleinn 27. januar 2011 kl. 23:21 (CET)[svar]

Det enklaste er ofte det beste, og eg ser på diskusjonssida di at du har gode argument for ikkje å bruka kommune (ingen av kommunane har kommunesenter med same namn). Så personleg er eg samd med deg. Men om andre har saklege argument for at «kommune» må vera med i tittelen, får me ta dei med i vurderinga. --Ranveig 27. januar 2011 kl. 23:34 (CET)[svar]
Me treng i alle høve ikkje «fylke» slengt på etterpå. Den tittelen blir jo nesten like lang som artikkelen! --Ranveig 27. januar 2011 kl. 23:36 (CET)[svar]

Havråtunet

[endre wikiteksten]

Det finst ingen objektive kjelder til "Havretunet", her er nokon med ein heilt privat agenda. Kan denne artikkelen vernast, iallfall på dette punktet ? Wikarth 29. januar 2011 kl. 13:06 (CET)[svar]

Eg synest alle namneformer, også tidlegare, bør nemnast, samstundes som det bør gå fram kva som er mest offisielt. I noverande utgåve av Havråtunet er dette gjort. No treng resten av artikkelen ein liknande omhug... --Ranveig 29. januar 2011 kl. 15:41 (CET)[svar]
Klart alle namneformer, noverande og tidlegare, kan nemnast. Poenget mitt er at Havretunet ikkje er i bruk anna enn av ei handfull menneske med ein svært så privat agenda. Havrå er den offisielle namneforma, ikkje den "mest offisielle". Meir om denne striden på en.wikipedia.org. Skal sjå kva eg kan få gjort med resten av artikkelen. Wikarth 30. januar 2011 kl. 11:26 (CET)[svar]

Hei. Korleis skal eg få fødenamn med i denne malen? (og så vil eg berre sei at det ikkje var meninga å leggje inn så mange bilete i galleriet om undertøy....) MVH Megnorge 8. mars 2011 kl. 18:06 (CET)[svar]

Hmm. Er det verkeleg nødvendig med fødenamn inne i den malen? Ofte finst det jo ein annan mal (t.d. mal:infoboks musikkartist, mal:infoboks adeleg) der ein kan gje så mange slike detaljar ein vil på ein oversiktleg måte. Den første linja i ein artikkel bør berre ha med det aller nødvendigaste. --Ranveig 8. mars 2011 kl. 18:54 (CET)[svar]
Nei, det er ikkje nødvendig. Men skal eg då slutte å skrive namn på ulike språk (om personen er frå Hellas eller éit anna land der dei ikkje brukar same alfabet som oss) og fødenamn på den fyrste linja? MVH Megnorge 8. mars 2011 kl. 19:05 (CET)[svar]
Ja, personleg synest eg ikkje me bør oppgje meir enn to-tre namn der (inkludert transliterasjonar), men dette er ikkje ei retningslinje. Prøv deg fram og sjå kva som ser best ut! --Ranveig 8. mars 2011 kl. 19:10 (CET)[svar]

Mal:Citation

[endre wikiteksten]

Det oppstod eit problem med Mal:Citation, som gjorde at me fekk feilmeldingar i enkelte av malane. Eg oppdaterte han derfor frå den engelske. Dei har gjort ei endring der sidan me kopierte desse malane førre gongen, med å innføre Mal:Citation/make link, som ser enkel nok ut. Problemet er at visinga no kjem fram slik [lenkje tittel]...ymse tekst...lenkje. Altså den fulle lenkja vert vist i referansen, ikkje berre tittelen. Sjå til dømes Led Zeppelin. Eg mistenker at det manglar ein klasse ein stad. Kvar Citation-mal nyttar ein klasse kvar kalla citation book, citation web osv. Eg finn ikkje ut kvar desse ligg eller kvar dei skal, om me har dei frå før eller ikkje, eller om det er noko anna som er problemet. --Frokor 21. mars 2011 kl. 08:04 (CET)[svar]

Eg er ikkje så nøgd med endringa, lenkjene mellom Citation og Harvard er øydelagd i alle artiklar og som du seier blir url-en vist fram. Me skulle ikkje berre prøva å gå tilbake og retta på det me hadde? Kva slags feilmeldingar var det som kom? --Ranveig 21. mars 2011 kl. 11:42 (CET)[svar]
Det var det eg aldri fann ut av. Det kom ei feilmelding som viste til at ein måtte ha med arkivdato, sjølv om det ikkje skal vere naudsynt. --Frokor 21. mars 2011 kl. 11:56 (CET)[svar]
Hmm. Det er tydeleg at det er mykje som manglar i den nye, for i Den egyptiske revolusjonen i 2011 har nesten alle lenkjene forsvunne. Merksnodig! --Ranveig 21. mars 2011 kl. 12:04 (CET)[svar]
Eg rulla attende endringane gjort i Mal:Citation. Det fiksa problema med Harvard og lenkjene som forsvann, trur eg. Eg trur ikkje det har samanheng med det andre problemet. --Frokor 21. mars 2011 kl. 12:31 (CET)[svar]
Ja, dei nye feila er borte men den gamle feilen må me nok fiksa sjølv. Sei frå om du finn eit døme! --Ranveig 21. mars 2011 kl. 12:53 (CET)[svar]

Samsvarsbøying på translatewiki.net

[endre wikiteksten]

Hei. Kvifor fjerna du samsvarsbøyinga (gjord > gjort) i meldingar som dette? Å endra frå dobbelinfinitiv til st-former er heller ikkje heilt ukontroversielt. ;-p Njardarlogar 23. mars 2011 kl. 16:41 (CET)[svar]

Det verka for meg som om «gjort» var brukt alle andre stader i omsetjinga, men om «gjord» er gjennomført i alle omsetjingar får du berre endre attende. Eg var ikkje klar over at det fanst eit skilje mellom hannkjønn-hokjønn og inkjekjønn. Men -ast-formene (retta frå «bli» når ometjinga elles bruker «vert») burde ikkje vera noko problem når dei er brukte rett? --Ranveig 23. mars 2011 kl. 20:46 (CET)[svar]
Omsetjingane er mykje sprikande, alt i alt. Me har ingen formelle retningsliner for omsetjinga (og spørst om det trengst). Det er ikkje st-formene i seg sjølv eg tenkjer på; men det at verta attenderulla er like godt som attenderullast, og at sume av oss meiner at ein kan avgrensa brukene av st-former, sjølv om dei er rette i seg sjølve. Det er ei smakssak, so difor at eg reagerer litt. Men i hovudsak var det samsvarsbøyinga eg lurde på. Same kva roar eg meg noko på rettskrivingsfronten i brukargrensesnittet fram til denne nye rettskrivinga er på plass; då slepp me å tenkja på klammeformer og slike ting. Njardarlogar 23. mars 2011 kl. 22:37 (CET)[svar]
Ja, det er nok ein smakssak. Sjølv får eg vondt av å sjå feilomsetjingar av bokmåls-es til -ast, men elles har eg ingenting imot denne fine forma, særleg ikkje når ho kan brukast (verte bruka?) i staden for tyngre formuleringar. Men det viktigaste er at ein bruker nokonlunde likt språk, og ikkje minst at dei engelske meldingane som stadig dukker opp blir omsette. --Ranveig 23. mars 2011 kl. 23:14 (CET)[svar]

Skal eg skrive Arenaer under Sommar-OL 2008 eller Arenaer under sommar-OL 2008? Stor eller lita S? Og skal eg skrive stor eller lita S viss ordet er i ei setning? MVH Megnorge 27. mars 2011 kl. 12:49 (CEST)[svar]

I Dag og Tid, som er ei god avis, er det 3-1 i favør av liten s og v i sommar- og vinter-OL:[1][2][3][4]--Knut 27. mars 2011 kl. 12:56 (CEST)[svar]
Og Språkrådet nemner sommar-OL to gonger (i tekstar om god språkføring) med liten s. Så det er nok det som er rettast. --Ranveig 27. mars 2011 kl. 16:58 (CEST)[svar]

This Fil:Semisse.jpg is not Iupiter, but Saturnus -- Carlomorino (brukardiskusjon Carlo M.) 3. april 2011 kl. 19:46 (CEST)

Thanks for letting me know! I'll fix it straight away. --Ranveig 3. april 2011 kl. 21:24 (CEST)[svar]

Eg gjev deg litt brød for denne fine påskeartikkelen du har laga. Er det greit om me sparar denne eit par år? Me treng gode påskeartiklar i framtida òg. -- Hogne 13. april 2011 kl. 10:37 (CEST)[svar]

Takk for det! (moms) Og ja, det er heilt greitt. Åra går fort her på WIkipedia. --Ranveig 13. april 2011 kl. 10:55 (CEST)[svar]

Guvernørar

[endre wikiteksten]

Hei. Eg vil lage ein felles kategori for alle kategoriane om guvernørane i dei ulike statane i USA. Men eg lurte på om eg skulle kalle kategorien «USAs guvernørar» eller «Guvernørar i USA». -- TCoN 25. april 2011 kl. 10:58 (CEST)[svar]

Det er Bokmålswikipedia som skriv «USAs». Me bruker anten «USA-amerikanske» eller «i USA». Det siste er vel det greiaste her? --Ranveig 25. april 2011 kl. 11:00 (CEST)[svar]
Eg vart litt usikker. Men då brukar eg «i USA». -- TCoN 25. april 2011 kl. 11:12 (CEST)[svar]

Nasjonalfuglar

[endre wikiteksten]

Hei! Fossekallen er jo kåra til Noreg sin nasjonalfugl. Kva er best: å oppretta ein eigen artikkel om nasjonalfuglar, eller å laga omdirigering til nasjonaldyr? Eg såg at det var fleire fuglar nemnt i artikkelen om nasjonaldyr... Og eg veit faktisk ikkje om Noreg har eit eige nasjonaldyr i tillegg til fuglen! HallvardLid 5. mai 2011 kl. 09:08 (CEST)[svar]

Mange land har nasjonalfuglar i tillegg til nasjonaldyr, så eg trur det vil vera best med ei eiga liste, anten i nasjonaldyr eller ein eigen artikkel for nasjonalfuglar. Det offisielle dyret i Noreg er vel den norske løva. Ja, eg hugser godt då eg gjekk på løvejakt i Jotunheimen... --Ranveig 5. mai 2011 kl. 09:40 (CEST)[svar]
Humre, humre! Skal sjå kva eg får gjort med ein eigen fugleartikkel med tid og stunder. HallvardLid 5. mai 2011 kl. 10:08 (CEST)[svar]

Ti poeng frå meg! --KRISTAGAα-ω 22. mai 2011 kl. 15:35 (CEST)[svar]

Hehe, er det slik ein fiskar etter lokale stemmer? --Ranveig 22. mai 2011 kl. 17:09 (CEST)[svar]

Hi, could you expand the page Dumbo, a little bit? Or if you wanted to do more, that'd be even better! Cyxz 30. mai 2011 kl. 18:53 (CEST)[svar]

Quite possibly! I'll have a look at it later. --Ranveig 30. mai 2011 kl. 18:54 (CEST)[svar]

mary hopkin

[endre wikiteksten]

hello you have been very kind to translate my contribution about Mary Hopkin ie CDs Would it be possible to do the same for more recordings ? Thank you and sorry to take your time

--Laurentleap 9. juni 2011 kl. 22:04 (CEST)[svar]

Lenke på framsidebilete

[endre wikiteksten]
Ivar Aasen teikna av Olav Rusti

I denne endringa ser lenka til artikkelen ut til å ha forsvunne. Skal vi tilbakestille? - - Hogne 14. juni 2011 kl. 09:43 (CEST)[svar]

Det ser ut til at det er forstavinga :nn: malen ikkje tåler. -- Hogne 14. juni 2011 kl. 11:21 (CEST)[svar]
Då får me vel passa på det, då. --Ranveig 15. juni 2011 kl. 15:52 (CEST)[svar]

Hei! Eg kunne ha lyst til å bruke AutoWikiBrowser til å rette vanlege språklege feil, men eg veit ikkje heilt korleis eg går fram. Kan du hjelpe? Må eg ha spesielt løyve? Nynorsk 1. august 2011 kl. 21:06 (CEST)[svar]

Dette kjenner eg ikkje så godt til, men det ser ut som om det er eit program du lastar ned og har kontroll med sjølv. I så fall er det berre å bruka. Om ein bott skal bruka det må han sjølvsagt ha bottflagg. --Ranveig 1. august 2011 kl. 21:27 (CEST)[svar]
OK. Har du noko framlegg til kvar eg kan spørje for å få hjelp til å komme i gang? Nynorsk 1. august 2011 kl. 22:14 (CEST)[svar]
Me kan kanskje læra i lag -- dette såg jo særs nyttig ut. Eg har no klart å lasta programmet ned, pakka det ut og logga meg inn på nn: (under Options). Brukarmanualen seier at ein kan bruka søk og erstatt, men det har eg ikkje funne fram til endå. --Ranveig 2. august 2011 kl. 02:32 (CEST)[svar]
Då er eg i full gang – problemet var at eg byrja med å prøve å logge meg inn, eg visste ikkje at eg måtte velje Wikipedia-utgåve først. Nynorsk 4. august 2011 kl. 01:39 (CEST)[svar]
Litt dumt at en-Wikipedia der ein må godkjennast først er førstevalet... --Ranveig 4. august 2011 kl. 13:02 (CEST)[svar]

Kvensk>Kvensk språk

[endre wikiteksten]

Hei! Kan du slette Kvensk slik at eg kan flytte Kvensk språk til Kvensk? -- TCoN 7. august 2011 kl. 19:47 (CEST)[svar]

Er sletta og flytta no. --Frokor 7. august 2011 kl. 19:52 (CEST)[svar]
Takk :) -- TCoN 7. august 2011 kl. 19:57 (CEST)[svar]

Mohamed ElGedawy → محمد الجداوي

[endre wikiteksten]

Hi, I want to change my name from: "Mohamed ElGedawy" to: "محمد الجداوي", Because i have changed my username on many wikipedias.--Mohamed ElGedawy 14. august 2011 kl. 09:34 (CEST)[svar]

oppdatering

[endre wikiteksten]

Hei, jeg tok deg på ordet og har begynt så smått med bøtte og mopp og rydder opp i småting. I den forbindelse så har jeg et spørsmål, har dere noe alá bokmålsmalen nb:Mal:Trenger oppdatering og nb:Mal:Best før og hvis ikke... har dere lyst på noe slikt? Jeg spør fordi jeg støtte på noen potensielt utdaterte artikler, slik som: Skjold-klasse som jeg ikke føler meg språkmessig kompetent til å rydde opp i. Profoss 18. august 2011 kl. 16:18 (CEST)[svar]

På ståande fot kjem eg på {{utgår}}, som vel er omtrent det same som best før. Eg trur ikkje me har nokon eigen mal for utgått innhald, men eg kjem stadig over slikt, så det trengst nok. --Ranveig 18. august 2011 kl. 17:00 (CEST)[svar]
Ypperlig, jeg kommer nok til å ta en titt på det, ettervært, tenkte å få full oversikt over vedlikeholdskategoriene før jeg setter i gang med noe overilt. Profoss 18. august 2011 kl. 17:15 (CEST)[svar]

Justere / oppgradere side om vilkår?

[endre wikiteksten]

Sjå Wikipedia:Samfunnshuset#Bruksvilk.C3.A5r_og_atterhald og Wikipedia-diskusjon:Vilkår/Versjon med CC-BY-SA. Ingen har vist interesse for dette innlegget til no. Ettersom du tidlegare har vore engasjert i spørsmål om opphavsrett spør eg om du har eit betre framlegg om oppgradering av vilkår? --Roar 28. august 2011 kl. 11:59 (CEST)[svar]

Hei! Eg har ikkje hatt nokre innvendingar mot endringane, og det rekner eg med ingen andre har heller. Med såpass lange tidsfristar burde det vera tid for dei som måtte meina noko imot å seia det. Elles skal eg prøva å hugsa lenkja 1. september. --Ranveig 28. august 2011 kl. 12:10 (CEST)[svar]
Høyrast bra ut, no er vi forresten i september. :) --Roar 4. september 2011 kl. 09:19 (CEST)[svar]
Det er me sanneleg! --Ranveig 4. september 2011 kl. 10:19 (CEST)[svar]

Hei! Eg lurar på ein ting: Veit du om man kan bruke "polyedre" nynorsk? Hvis ikkje, kva er fleitallsforma for "polyeder"? --Berntisso 4. september 2011 kl. 11:52 (CEST)[svar]

Hei! Nynorskordboka er eit godt hjelpemiddel. Den seier at polyeder er inkjekjønn, og har fleirtalsforma «polyeder». I bunde fleirtal kan du skriva polyedera eller polyedra. --Ranveig 4. september 2011 kl. 12:05 (CEST)[svar]
Tusen takk for hjelpa. --Berntisso 4. september 2011 kl. 21:19 (CEST)[svar]

Gif-animasjonar

[endre wikiteksten]

Hei, har du noko peiling på kva som gjer at gif-animasjonar ikkje køyrer i artiklane? Sjå til dømes evolute. Han køyrer i alle fall ikkje hos meg, og han fungerer fint i den engelske utgåva av artikkelen og når du trykker på bilete. --Frokor 12. september 2011 kl. 12:10 (CEST)[svar]

Ikkje hjå meg heller, men på bildesida gjer han det. Og på sida Wikimedia Commons ser eg ein librerande måne, så andre mini-gifar har animasjon. Eg prøvde å visa minibilde av Evolute1 på Bokmålswikipedia, og der verka det ikkje heller. Så det tyder på at det er eit eller anna problem med fila og/eller korleis Mediawiki viser henne. Har du lagt merke til problem med andre filer? --Ranveig 12. september 2011 kl. 12:48 (CEST)[svar]
Ja, men eg hugsar ikkje kvar. Trur det var ei ogg-videofil faktisk. Men fila i ekkolodd virkar fint hos meg. --Frokor 12. september 2011 kl. 12:54 (CEST)[svar]
Sjå her, utan "mini" verker animasjonen. Greitt nok for no? --Ranveig 12. september 2011 kl. 12:55 (CEST)[svar]
Jepp, fungerer det. --Frokor 12. september 2011 kl. 13:03 (CEST)[svar]

Fila «Heringsschwarm.gif» i artikkelen «Ekkolodd» fungerer fint i Opera 11.51, Konqueror 4.4.5 og Firefox 3.6.22 på Kubuntu 10.04 (KDE 4.4.5). Og der er ikkje «frame» med. Kva funksjon har «frame»? --Sigmundg 24. september 2011 kl. 16:27 (CEST)[svar]

Døme
Det er Fil:Evolute1.gif som ikkje verker i nokre høve, dvs. når me gjer det mindre. "frame" tyder at me gjev bildet ramme (slik som "mini"), men lèt det ha opphavleg storleik. Me kan tydelegvis også bruka "ramme" til dette, men det er ikkje så ofte me treng det. --Ranveig 25. september 2011 kl. 12:38 (CEST)[svar]
Animasjonen fungerer utan rammem, så funksjonen til ramma er å få med underteksten. Da skjønar (til og med) eg. Men det må vera eit eller anna rart/feil med «Evolute1.gif», sidan animasjonen ikkje fungerer med «mini». Det ville vera interessant, og kanskje nyttig, å finna ut kva som er grunnen. Ser at fila var laga med MuPAD, men eg er ikkje kjendt med dette programmet. --Sigmundg 25. september 2011 kl. 21:57 (CEST)[svar]

Slette bilete

[endre wikiteksten]

Hei. Kan du slette Fil:Fjordtroll.jpg, Fil:Queen Mary 2.jpg, Fil:Alden 2010.jpg og Fil:Luxembourg bru.jpg. Eg kan leggje dei ut på commons med lisens osb. -- TCoN 24. september 2011 kl. 12:53 (CEST)[svar]

Ja, eg kan gjera det straks dei ligg på Commons. Hugs på å fylla inn alle felt om kven som har teke bileta og lisens -- Commons-folka er svært strenge på slikt! Elles finst det ein mal, NowCommons, som du kan leggja inn på bilete som ligg og stenger her. --Ranveig 24. september 2011 kl. 13:45 (CEST)[svar]
Dei ligg på Commons no. -- TCoN 24. september 2011 kl. 14:37 (CEST)[svar]
OK, då er det rydda. --Ranveig 24. september 2011 kl. 14:54 (CEST)[svar]

Sidetitlar på Wikifrasar

[endre wikiteksten]

Hei. Sidan eg berre er ein ussel vanleg brukar (og det er greitt nok!) på Wikifrasar, tek eg opp dette her. Sidene MediaWiki:Pagetitle og MediaWiki:Pagetitle-view-mainpage bør vel rettast for å få samsvar med det omsette namnet. Dette skal vera titlane i nettlesaren på dei vanlege innhaldssidene og på framsida. Njardarlogar 25. september 2011 kl. 15:36 (CEST)[svar]

OK, eg prøver. Har vel ikkje omsett namnet så mange stader, i grunnen. --Ranveig 25. september 2011 kl. 15:38 (CEST)[svar]
Ein ting til: hovudsida bør vel få eit slags vern, slik at dei anonyme og nye brukarar, i minsto, ikkje får fritt velde. Njardarlogar 25. september 2011 kl. 15:41 (CEST)[svar]
Ja, det var i grunnen ein svært god idé. --Ranveig 25. september 2011 kl. 15:43 (CEST)[svar]

The Fox and the Hound

[endre wikiteksten]

Hi, can you please expand the page about this awesome movie? This movie deserves a much better article. 69.174.87.44 30. september 2011 kl. 01:08 (CEST)[svar]

Possibly. However, please don't add English text to Norwegian articles. --Ranveig 30. september 2011 kl. 01:09 (CEST)[svar]
Could you also translate the text Charlotte 2011 added to Victorious? 69.174.87.44 30. september 2011 kl. 01:10 (CEST)[svar]
Hi, are you still considering the translation? Because October 12 is my Dad's birthday, and his favorite Disney movie is Dumbo (mine is a tie between The Fox and the Hound and Bambi). Also, my favorite TV show is the Teletubbies, but I also love iCarly and Victorious. (and I'm 16 btw, but a child at heart). 69.174.87.44 12. oktober 2011 kl. 01:41 (CEST)[svar]

Hei. Det ser ut til at det skjedde noko når du gjorde endringar i denne sist. Sjå til dømes rock. Eg klarar ikkje å sjå kvar det trengs retting. --Frokor 30. september 2011 kl. 14:10 (CEST)[svar]

Eg veit ikkje om det har vore slik før, men malen klarte ikkje å lesa |- som ny tabelline når han stod inni ein "if". Har tatt dei ut, og då ser det betre ut (i det minste på rock). --Ranveig 30. september 2011 kl. 14:18 (CEST)[svar]
Takk! Såg bra ut no. --Frokor 30. september 2011 kl. 14:38 (CEST)[svar]

Artiklar på svensk

[endre wikiteksten]

Hei! Sjekk bidraga frå http://nn.wikipedia.org/wiki/Spesial:Bidrag/217.209.82.165. Vedkommande oprettar artikler på fleire språkutgåver og dette er å anse som iw-spam. Vi har sletta dei hos oss. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim 2. oktober 2011 kl. 18:07 (CEST)[svar]

Ja, takk for at du seier frå. Han har vore her ein gong før òg. Ein del av det som blir lagt inn kan me laga skikkelege artiklar av, men ikkje i slike enorme mengdar. --Ranveig 2. oktober 2011 kl. 18:38 (CEST)[svar]

Slette omdirigering?

[endre wikiteksten]

Hei. Kan du slette «Brukar:Megnorge», «Brukar:Megnorge/kladd», «Brukar:Megnorge/kladd2», «Brukar:Megnorge/kladd3», «Brukar:Megnorge/kladd4», «Brukar:Megnorge/kladd5», «Brukar:Megnorge/kladd6», «Brukar:Megnorge/kladd7» og «Brukar:Megnorge/kladd8»? Alle sidane er omdirigert til det nye brukarnamnet mitt, men eg vil ikkje at dei skal vere det. -- TCoN 27. oktober 2011 kl. 22:42 (CEST)[svar]

OK. --Ranveig 28. oktober 2011 kl. 10:57 (CEST)[svar]
Takk! :) -- TCoN 28. oktober 2011 kl. 14:50 (CEST)[svar]

Hei! Kan eg lage meg ny brukar her på Nynorsk Wikipedia utan at eg vil bli utestengt for å ha to brukarar? Eg kjem då sjølvsagt ikkje til å bruke denne meir. Eg har berre hatt tull med denne brukaren, og opplevt ein del personangrep, såg å byrje på nytt hadde vore fint. Eg mistar jo ikkje kunnskapar, såg eg vil fortsetje å gjere så godt eg kan her på Nynorsk Wikipedia. Eg vel å høyre med deg fordi eg har opplevt å bli utestengt frå Norsk Wikipedia på bokmål og riksmål på grunn av fleire brukarar (når eg først har nemnt dette, så vil eg berre leggje til at det aldri var meininga å øydeleggje eller tulle på bokmålswikien!). -- TCoN 4. november 2011 kl. 20:03 (CET)[svar]

Eg så no lengjer oppe her at eg hadde spurt om dette før. Beklagar, då lagar eg meg berre ein ny brukar og lèt denne stå. :) -- TCoN 4. november 2011 kl. 20:25 (CET)[svar]

Kylie Minogue

[endre wikiteksten]

Hei. I discovered that the aministrator Andreasv protected the page of Kylie Minogue and deleted all the text due to several mistakes, which I perfectly understand. However, the article lacks a lot of links and information now. I contacted the administrator Frokor so he can eventually contribute on that page and fill it again with correct Nynorsk, and with information taken from the article Kylie Minogue in English. I don't know if you can edit a protected page if you are an administrator. Please keep me informed as soon as possible.

Takk! Mustashy 5. november 2011 kl. 00:22 (CEST)[svar]

Nynorsk forum

[endre wikiteksten]

Hei! Eg såg du fjerna setninga om at "at redaktør Kjartan Helleve i Norsk Tidend meiner at Nynorsk Wikipedia bør få innpass i Nynorsk Forum" (Sjå Nynorsk Tidend 2011-nr 1 side 2). Eg meinte med dette at vi kunne bruke pressemeldnga for å gjere nynorskfolke merksam på dette, sjå òg lesarinnlegget frå Knut og med i nummer 2. Kva er di grunngjevning for at vi ikkje bør skrive om dette i pressemeldinga? Hogne 20. november 2011 kl. 22:28 (CET)[svar]

Eg syntest det verka veldig internt og komplisert for ei allmenn pressemelding. Dersom nokon her er interesserte i å vera med i Nynorsk Forum, ville det ikkje vore betre å ta kontakt direkte? --Ranveig 20. november 2011 kl. 22:43 (CET)[svar]
OK! Hogne 21. november 2011 kl. 08:22 (CET)[svar]

Bill Evans

[endre wikiteksten]

Det er framleis litt igjen før eg har fått rydda opp etter meg rundt Bill Evans: artikkelen Bill Evans må slettast før eg kan flytte rett historikk (ligg no under omdirigerinssida Bill Evans (1929-1980)) tilbake til hovudartikkelen. På førehand osb., og beklagar rotet. --Kaitil 29. november 2011 kl. 16:34 (CET)[svar]

Jaja, rot er lett å ordna opp i. Veldig flott at du som har oversynet ordnar opp! --Ranveig 29. november 2011 kl. 16:48 (CET)[svar]
Sjekk om det er i orden no. --Ranveig 29. november 2011 kl. 16:50 (CET)[svar]
Takk skal du ha! --Kaitil 29. november 2011 kl. 17:03 (CET)[svar]

Hei Ranveig! Trur du det er mogeleg å få til ein parameter i Mal:Levde, der ein kan skrive kva ein vil i staden for datoar og likevel få kategoriseringa til å fungere? Det er litt som å bruke spørsmålsteiknet, berre at me vil ha innhald der. Trur det er enklare å forklare med døme:

  • (oktober 1690 - 17. februar 1743) - fødselsdatoen er noko usikker, men ein vil likevel kategorisere årstal og dødsdato.
  • (1690/1691 - 17. februar 1743) - fødselsår er usikkert, men ein vil kategoriserer dødsdato og år.
  • Kanskje tilsvarande før dødsdato og år? --Frokor 29. november 2011 kl. 19:25 (CET)[svar]
Ja, det kan me kanskje prøva på. Men eg må nok tenka litt for å finna den beste måten å gjera det på først. --Ranveig 29. november 2011 kl. 19:33 (CET)[svar]
Eg har lagt inn det du ba om. Håper det er rett alle stader no, eg har sjekka ein del og uønskte mellomrom skal vera borte. Skrik ut om noko kan forbetrast! --Ranveig 30. november 2011 kl. 02:00 (CET)[svar]
Takk! Såg glimrande ut det :) --Frokor 30. november 2011 kl. 08:32 (CET)[svar]

Nytt brukarnamn

[endre wikiteksten]

Hei. Eg ynskjer meg brukarnamnet Brødkorg.

Takk og med helsing,

--- Aaemn784 20. desember 2011 kl. 23:28 (CET)[svar]

Velkommen, Brødkorg! Du kan no anten oppretta ny universal konto på dei andre prosjekta ved å vitja dei med det nye brukarnamnet ditt, eller be om omdøyping der òg, frå den gamle kontoen. Lukke til! --Ranveig 20. desember 2011 kl. 23:33 (CET)[svar]


Daniel Niazi

[endre wikiteksten]

Hei! Kan du ta en titt på Daniel Niazi. Den er opprettet og slettet flere ganger her på nynorsk + slettet 10 ganger på bokmålsutgaven. I går ble den opprettet her igjen og en IP-adresse har satt inn slettemerket. Artikkeloppretter respekterer ikke dette og fjerner det gang på gang. På bokmål har vi forresten låst siden etter tiende sletting. Mvh.Anne-Sophie Ofrim 28. desember 2011 kl. 16:56 (CET)[svar]

Takk! Nei, me kan ikkje ha det sånn. --Ranveig 28. desember 2011 kl. 17:09 (CET)[svar]
Nei. Men bidragsyteren har opprettet den igjen. Mvh.Anne-Sophie Ofrim 29. desember 2011 kl. 02:00 (CET)[svar]