Hopp til innhald

DS «Haus»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DS «Haus» utanfor Votlo i 1952

DS «Haus» var ein dampbåt som vart bygd i 1914 av Mjellem & Karlsen for Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab. Båten var på 135 bruttotonn, målte 101,1/19,1 fot og kunne ta 250 passasjerar. DS «Haus» var dermed noko mindre enn DS «Oster» som INDL også drifta. Etter at Noreg kom med i den andre verdskrigen vart DS «Haus» rekvirert av den norske marinen og stasjonert i Hardangerfjorden, der han tok del i kampane mot tyskarane. Då Noreg kapitulerte, vart DS «Haus» tatt av tyskarane som NB. 05 Wiesel for Hafenschutz-flotille Bergen.

Etter krigen gjennomgjekk DS «Haus» ei større ombygging i 1949. Båten fortsette passasjertrafikken til 1960, då han vart seld og omgjort til lastebåt. Under diverse eigarar gjekk han under namna MS «Hausen» og MS «Listein». Siste eigar vart Orion Film A/S. Som «Sandy Hook» vart båten sprengd og søkt like utanfor Svalbard under filminspelinga av Jon Michelet si bok Orions Belte.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.