Dagny Juel
Dagny Juel | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. juni 1867 Kongsvinger kommune |
Død | |
Yrke | skribent, modell, pianist |
Språk | norsk |
Far | Hans Lemmich Juell |
Ektefelle | Stanisław Przybyszewski |
Dagny Juel på Commons |
Dagny Juel (8. juni 1867–5. juni 1901) var ein norsk kunstnar, forfattar og dramatikar. Ho vart fødd i Kongsvinger, og var den andre av dei fire døtrene til legen Hans Lemmich Juell og Minda Juell, fødd Blehr.
Juel vanka på vertshuset «Zum Schwarzen Ferkel» (Under den svarte grisen) i Berlin med August Strindberg og Edvard Munch. Ho var gift med den polske forfattaren Stanislaw Przybyszewski (1868-1927), men han forlét henne for ei anna. Som gift heitte ho Dagny Juel Przybyszewska.
I 1901 vart Juel skoten og drepen av Wladyslaw Emeryk på eit hotellrom i Tbilisi i Georgia. Det er uklart kvifor Emeryk gjorde dette, men han skal ha vore forelska i Juel.
Dagny, ein polsk-norsk film om Dagny Juel regissert av Haakon Sandøy, blei laga i 1978.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Den sterkere (drama)
- Ravnegård (drama)
- Når solen går ned (drama)
- Synden (drama)
- Rediviva (novelle)
I tillegg: fem prosalyriske tekstar og 14 dikt.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om huset der Dagny voks opp, og som i dag er Kvinnemuseet
- Meir om Dagny Juel, Århundreskiftets femme fatale Arkivert 2005-02-21 ved Wayback Machine. Ein polsk nettstad redigert av Aleksandra Sawicka, som skriv på doktorgradsavhandlinga ”Dagny Juel Przybyszewska - fakta og legender”
- Kvinnemuseet på Kongsvinger, med utstilling om Dagny Juel
Litteratur
- Lishaugen, Roar: Dagny Juel : tro, håp og undergang, Oslo 2002. ISBN 82-7694-108-7
- Nag, Martin: Kongsvinger-kvinne og verdensborger; Dagny Juel som dikter og kulturarbeider, Kongsvinger 1987.
- Norseng, Mary Kay: Dagny : Dagny Juel Przybyszewska, the woman and the myth, Seattle : University of Washington Press, c1991. ISBN 0-295-96999-7
- I norsk omsetjing 1992: Dagny Juel : kvinnen og myten. ISBN 82-05-20586-8, ISBN 82-7350-356-9