Derek Dougan
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Alexander Derek Dougan | ||
Fødd | 20. januar 1938 | ||
Fødestad | Belfast i Nord-Irland | ||
Død | 24. juni 2007 (69 år) | ||
Dødsstad | Wolverhampton | ||
Høgd | 191 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1953–1957 1957–1959 1959–1961 1961–1963 1963–1965 1965–1967 1967–1973 1967 1969 1975–1977 |
Lisburn Distillery Portsmouth Blackburn Aston Villa Peterborough Leicester Wolverhampton →Los Angeles Wolves (lån) →Kansas City Spurs (lån) Kettering Town |
76 (17) 33 (9) 59 (26) 51 (19) 77 (38) 68 (35) 258 (95) 11 (3) 6 (4) | |
Totalt | 639 (246) | ||
Landslag | |||
1958–1973 | Nord-Irland | 43 (8) | |
Trenar for | |||
1975–1977 | Kettering Town (spelar-trenar) | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Alexander Derek Dougan (20. januar 1938–24. juni 2007) var ein nordirsk fotballspelar. Han spelte 43 landskampar for Nord-Irland og deltok i VM i fotball 1958. Dougan var senterløpar, vert særleg hugsa for sine dryge åtte år som Wolverhampton-spelar.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Dougan var ein stor og kraftig midtspiss. Han byrja spele for Distillery frå Belfast og bidrog til at klubben vann den nordirske cupen i 1956. I august 1957 vart han overført til det engelske fyrstedivisjons-laget Portsmouth FC mot 4 000 pund. Frå mars 1959 til sommaren 1961 gjorde han teneste for Blackburn Rovers, etter ein overgang som kosta £15 000. Her deltok han i FA-cupfinalen 1960. 1961-63 var han Aston Villa-spelar, ei tid han sleit med skadar. Sidan var han aktiv for tredjedivisjonslaget Peterborough United til november 1965. Mot 26 n000 pund flytta han då til Leicester City. Dougan skreiv i mars 1967 kontrakt med Wolverhampton Wanderers, i ei avtale som kosta 50 000 pund. Klubben rykkte same våren opp frå andre divisjon. Her var han så med å tape UEFA-cupfinalen 1972 og vinne ligacupfinalen 1974. Våren 1975 la Dougan opp, etter å ha skåra 279 mål i 661 liga- og cup-kampar over 18 sesongar i engelsk ligafotball.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Dougan fekk sin landslagsdebut under VM i fotball 1958, då Wales vann med 1-0 over Tsjekkoslovakia. Fram til februar 1973 tok han del i 43 av Nord-Irlands landskampar, skåra 8 mål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Nordirsk cupmeister: 1956 med Distillery
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1974 med Wolverhampton
- Finalist i FA-cupen: 1960 med Blackburn
- Finalist i UEFA-cupen: 1972 med Wolverhampton
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Derek Dougan» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2024.