Distriktet Girne
Utsjånad
35°18′N 33°17′E / 35.300°N 33.283°E
Distriktet Girne (tyrkisk Girne ilçesi) er eit distrikt i Nord-Kypros. Distriktet ligg i den nordlege delen av øya Kypros og har eit areal på 690 kvadratkilometer.[1] Fram til den tyrkiske invasjonen i 1974 høyrde området til distriktet Kerýnia i Republikken Kypros.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Utviklinga av folketalet i distriktet og underdistrikta:
År | Distriktet Girne | Girne Merkez | Çamlıbel | Kjelde |
---|---|---|---|---|
1996 | 38 715 | 34 350 | 4 365 | [2] |
2006 | 57 902 | 53 067 | 4 835 | [2] |
2011 | 69 163 | 64 884 | 4 279 | [3] |
Administrasjon
[endre | endre wikiteksten]Distriktsadministrasjonen i byen Girne (Kerýnia) representerer den nord-kypriotiske staten i distriktet. Leiar for distriktsadministrasjonen (tyrkisk kaymakam) er (i 2016) Mehmet Envergil.[4]
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2011 i parentes):[3]
Underdistriktet Girne Merkez
[endre | endre wikiteksten]- Girne (Kerýnia) (33 207)
- Alsancak (Karavás) (6 579)
- Çatalköy (Ájos Epíktitos) (5 652)
- Dikmen (Díkomo) (9 120)
- Esentepe (Ájos Amvrósios) (2 414)
- Lapta (Lápithos) (7 839)
Landsbyen Karaman (Kármi) (55) ligg utanfor kommunestrukturen.
Underdistriktet Çamlıbel
[endre | endre wikiteksten]- Lapta (Lápithos) (4 279)
Kommunen Lapta strekkjer seg inn i båe underdistrikta
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ KKTC Tarım Bakanlığı İstatistik ve Planlama Şubesi (Landbruksdepartementet, avdeling for statistikk og planlegging): «Tarımsal Yapı ve Üretim» (Landbruksstruktur og produksjon), 2007, s. 15
- ↑ 2,0 2,1 «Folketeljing Nord-Kypros 2006» (PDF) (på engelsk). Devlet planlama örgütü – Den statlege planorganisajonen. Arkivert frå originalen (PDF) 20. mars 2007. Henta 17. september 2023.
- ↑ 3,0 3,1 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ Kibris Gazetesi, 19.04.2016