Hopp til innhald

Francisturbin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snitt gjennom ein francisturbin
Turbinhjul til francisturbin, utstilt ved Glen Canyon dammen i Arizona.

Francisturbin er ein type turbin (vassturbin) som vert nytta i vasskraftverk. Denne turbintypen er den mest nytta turbintypen i norske vasskraftverk. Turbintypen vart utvikla av den engelske ingeniøren James Bicheno Francis i USA i 1849. Francisturbinen er best eigna ved fallhøgder mellom kring 30 og 600 m. Er fallhøgda lågare vert det ofte nytta ein kaplanturbin. Om fallhøgda er høgare, vert det gjerne nytta ein peltonturbin. Etter utsjånad minner turbinan om eit skovlhjul som var vanleg i gamle møller og på hjuldamparar.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.