Geithus
Utsjånad
Geithus | |||
stad | |||
Gamle Geithus bru over Drammenselva, tidleg på 1900-talet
Foto: Frå Nasjonalbiblioteket si samling | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Kommune | Modum | ||
Postnummer | 3360 GEITHUS | ||
Ferdselsårer | |||
Geithus 59°55′56″N 9°58′04″E / 59.932108°N 9.9679°E | |||
Wikimedia Commons: Geithus |
Geithus er ein tettbygd stad i Modum kommune i Buskerud. Staden ligg ved Drammenselva, like sørom utlaupet frå Tyrifjorden. Statistisk sentralbyrå reknar Geithus og Åmot i Modum for ein tettstad då området mellom stadane er så tett busett at stadene har vakse saman. Tettstaden Åmot/Geithus har til saman 6 962 innbyggjarar per 1. januar 2023 [1].
Det tidlegare treforedlingskonsernet Union A/S (Union Co), skipa i 1873 av Benjamin Sewell (1845-1895), hadde ein av sine papirfabrikkar på Geithus. Dei andre fabrikkane i konsernet var Union Drammen (der mellom anna Union Scene ligg no), Union Bruk i Skien, og Skotfos Bruk på Skotfoss[2]. Alle desse fabrikkane er no avvikla.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Andre nettstader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ SSB: «Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune»
- ↑ Ashehoug og Gyldendals ett binds leksikon 1982, side 1465, ISBN 82-573-0160-4
Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.