Gudvangen
Gudvangen | |||
stad | |||
MF Gudvangen i Gudvangen. Nærøydalselvi som renn ut i Nærøyfjorden til venstre.
Foto: lm-berlin | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Aurland | ||
Postnummer | 5747 | ||
Ferdselsårer | Fv5623 | ||
Gudvangen 60°52′47″N 6°50′35″E / 60.879697°N 6.8430253°E | |||
Wikimedia Commons: Gudvangen |
Gudvangen er ei grend og ferjestad inst i Nærøyfjorden i Aurland kommune i Vestland fylke. Fjorden kom 14. juli 2005 på UNESCO si verdsarvliste, og om sumaren er Gudvangen ein viktig stad for turisme.
Namnet kjem av «goter», far i terrenget etter skreder gjennom alle tider, og «vang» ei stor slette.
Vegtunnelen Gudvangatunnelen er kalla opp etter Gudvangen, og bind saman Gudvangen med Undredal og resten av Aurland kommune som del av Europaveg 16. Frå Gudvangen går Fylkesveg 5623 til grenda og kyrkjestaden Bakka ved Nærøyfjorden.
Gudvangen hamn og ferjekai
[endre | endre wikiteksten]Gudvangen har vore ein viktig stad for båttransporten sidan Fylkesbaatane fekk sitt fyrste stopp her i 1862, og turistferdsla gjennom Nærøydalen skaut fart etter at Vossabanen opna i 1883. I 1934 vart det oppretta ei bilførande korrespondanserute til det nyoppretta sambandet Lærdal-Vadheim, der ferjene møtast midtfjords og la seg attmed kvarandre for å mogleggjera køyring av bilar mellom ferjedekka. Fem år etterpå, i 1939, vart det oppretta eit nytt direkte ferjesamband til Lærdal. Dette sambandet vart eit viktig ledd i den då komande nye stamvegen mellom aust og vest gjennom Indre Sogn, som me i dag kjenner som Europaveg 16, og vart erstatta av Lærdalstunnelen.
Meir om ferjekaia her.