Håkon Aasnes
Utsjånad
Håkon Aasnes (fødd 13. februar 1943 i Oslo) er ein av dei mest produktive teikneserieskaparane i Noreg. Han har sidan 1972 arbeidd med tekst og teikningar til rundt tjue teikneseriar, mellom anna norske seriar som Seidel og Tobram, Stomperud, Smørbukk, Tuss og Troll, Kråka Konrad, Olsenbanden, Gråtass og Annika. Han har òg teikna internasjonale figurar som Fantomet og Donald Duck.
Håkon Aasnes bur og arbeider på Aurskog i Akershus fylke.
Han fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin pris i 1981.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bøker av Håkon Aasnes digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
- Presentasjon på Tegneserier.no
- Oversyn over produksjonen til Håkon Aasnes på minetegneserier.no
- Kort omtale på Lambiek.net (på engelsk)
- Intervju i Seriefokus.no
- Intervju i Romerikes Blad
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Håkon Aasnes» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2008.