Harry
Harry er ei engelsk form av Henry (norsk Henrik). Det kan òg nyttast som kortnamn for andre namn. Harry har norsk namnedag den 22. august og svensk den 10. oktober.
Avleiing
[endre | endre wikiteksten]Harry var opphavleg eit kjælenamn, men er seinare blitt brukt som døypenamn. I nyare tid har det også vore nytta som kortnamn for Harold. Hal er ei kortform av Harry igjen. Harriet er ei kvinneleg form av namnet.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet var den vanlege engelske forma av Henry i mellomalderen og seinare. Shakespeare brukte henne mellom anna for kong Henrik i stykket Henry V.
Namnet var svært vanleg i USA rundt 1890, då over 2,0 % av nyfødde gutar kunne få namnet. Bruken har deretter gått ned. I Storbritannia steig bruken mykje etter at ein prins fekk namnet i 1984, og utgjevingane av bokserien og filmane om trollmannseleven Harry Potter (frå 1997).
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Harry Houdini (1874–1926), amerikansk tryllekunstnar
- Harry Truman (1884-1972), president i USA
- Harry Partch (1901–1974), USA-amerikansk komponist og instrumentmaker
- Harry Haraldsen (1911–1966), norsk skøyteløpar
- Harry Belafonte (f. 1927) jamaicansk-amerikansk songar og skodespelar
- Harry Nilsson (1941-1994), amerikansk musikar
- Harry Chapin (1942–1981), amerikansk songar
- Harry Turtledove (f. 1949), amerikansk forfattar
- Morten Harry Olsen (f. 1960), norsk forfattar
- Harry Gregson-Williams (f. 1961), britisk filmmusikkomponist
- Harry Connick jr. (f. 1967), amerikansk songar
- Prins Harry av Wales, (f. 1984), eigentleg Henry av Wales, britisk kongeleg
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]I Nord-England har «Old Harry» vore kallenamn for djevelen sidan 1700-talet.
«Great Harry» var kallenamnet på «Henry Grace à Dieu», eitt av dei største krigsskipa på 1500-talet.
I Noreg har omgrepet «harry», med utgangspunkt i namnet, blitt brukt om ulike former for «folkeleg» oppførsel frå 1900-talet.
Namnet Harry vart kjend over heile verda då J.K. Rowling skreiv bøkene om trollmannen Harry Potter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Harry» frå Wikipedia på bokmål, den 20. august 2009.
- behindthename.com
- Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Harry», A Dictionary of First Names, Oxford University Press
- Judith Siefring, red. (2004), «devil», The Oxford Dictionary of Idioms, Oxford University Press