Hebe
Hebe | |||
Hebe. Måleri frå ca. 1850 av Demeter Laccataris. | |||
Opptrer i | Iliaden | ||
---|---|---|---|
Identifisert med | Juventas | ||
Mor | Hera | ||
Far | Zevs | ||
Ektefelle | Herakles | ||
Barn | Alexiares, Anicetus |
Hebe (gresk Ἥβη, Hēbē) var ungdomsgudinna i gresk mytologi. Ho var dotter av Zevs og Hera,[1] og blei gift med halvguden Herakles. Hebe var munnskjenk for gudane på Olympos.
Hebe serverte gudane nektar til å drikka og ambrosia til å eta, heilt til ho blei gift med Herakles. Etterfølgjaren hennar var den unge trojanske prinsen Ganymedes. Ho fylte også badet for Ares[2] og hjelpte Hera opp i vogna si.[3]
I Evripides sitt skodespel Heraklidene ('Barna til Herakles') innvilga Hebe ønsket til Iolaos om å bli ung igjen for å kunna kjempa mot Eurysthevs, han som påla Herakles oppgåva med dei tolv storverka. Hebe fekk to barn med Herakles: Alexiares og Aniketos, som var evig unge.[4]
Namnet «Hebe» kjem frå det greske ordet for «ung» eller «livets glans(tid)». Den romerske gudinna som tilsvara henne var Juventas.[5] Også latinske «Juventas» betyr 'ung', og går att i det engelske ordet juvenile, «ungdom», eller juvenil, som er noko brukt på norsk.
I kunsten er Hebe vanlegvis avbilda i lang kjole uten ermer. Ho blei også dyrka som ei gudinne for tilgjeving. Frigjevne fangar kunne henga lenkjene sine i heilage lundar i heilagdommen hennar på Flius på Peloponnes.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hesiod, Theogonien 921–922; Homer, Odysseen 11. 604–605; Pindar, Isthmian 4.59–60; Apollodorus, 1.3.1, og seinare forfattarar.
- ↑ Homer: Iliaden, 5.722.
- ↑ Homer: Iliaden, 5.905.
- ↑ Pseudo-Apollodorus: Bibliotheke, ii.7.7.
- ↑ Ovid skildrar ikkje ei sameining av Hera (Juno) og Hebe (Juventas); han opnar Fasti vi med ein disputt mellom Juno og Juventas der begge hevder å vera verna av månaden juni (tekst online)
- Denne artikkelen bygger på «Hebe» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2017.