Heroin av The Velvet Underground
Heroin Song av The Velvet Underground frå albumet The Velvet Underground & Nico | ||
Utgjeve | mars 1967 | |
Innspelt | mai 1966 i T.T.G. Studios i Hollywood | |
Sjanger | Avantgarde, protopunk, eksperimentell rock, psykedelisk rock, progressiv rock | |
Lengd | 7:12 | |
Selskap | Verve Records | |
Komponist | Lou Reed | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
---|---|---|
Produsent | Andy Warhol |
«Heroin» er ein song av The Velvet Underground gjeven ut på debutalbumet deira i 1967, The Velvet Underground & Nico. Songen er skriven av Lou Reed i 1964 og er ein av dei mest hylla songane til bandet. Songen skildrar heroinbruk og -misbruk. Kritikar Mark Deming skriv, «Sjølv om 'Heroin' godtar dopmisbruk, fordømmer han det heller ikkje, og det gjer det meir urovekkande hos mange lyttarar.»[1]
I 2004 vart songen rangert på 448. plass og i 2010 på 455. plass på Rolling Stone si liste over dei 500 største songane gjennom tidene. Songen er òg ein del av lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]«Heroin» var ein av tre songar som vart spelt inn på ny i T.T.G. Studios i Hollywood før han vart gjeven ut på The Velvet Underground & Nico (i lag med «I'm Waiting for the Man» og «Venus in Furs»). Denne innspelinga av songen vart den nest lengste på albumet med litt over sju minuttar.
«Heroin» byrjar langsamt med Reed sin rolege, melodiøse gitar og hypnotisk trommemønster av Maureen Tucker, før den elektriske bratsjen til John Cale og rytmegitaren til Sterling Morrison kjem inn. Tempoet aukar gradvis, og etterliknar verknaden forteljaren for frå dopet.
Alternative versjonar
[endre | endre wikiteksten]Den tidlegare innspelinga av «Heroin» var med Lou Reed, Sterling Morrison og John Cale i Ludlow Street i juli 1965. Versjonen av songen som var meint for albumet vart spelt inn i Scepter Studios i New York City i april 1966. Denne versjonen har ein noko anna tekst og er mindre kaotisk enn albumversjonen.
Lou Reed spelte seinare «Heroin» på konsert i sin glamrockstil, i lag med gitaristane Steve Hunter og Dick Wagner. Resultatet vart ein 13 minuttar lang versjon som finst på konsertalbumet Rock 'n' Roll Animal i 1974.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen er spelt inn av mange andre artistar, som Mazzy Star, Human Drama, Iggy Pop, Echo & the Bunnymen, Roky Erickson, Billy Idol og Third Eye Blind.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heroin (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
456: «Penny Lane » The Beatles |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 455 «Heroin» The Velvet Underground |
454: «Leader of the Pack » The Shangri-Las |