Holum
Utsjånad
Holum (Holme) kommune i Vest-Agder vart oppretta i 1837 som Holme kommune. I 1911 vart namnet endra til Holum. I 1964 vart Holum slått saman med Mandal by, Halse kommune og Harkmark kommune til Mandal kommune. Områda Stubstad og Svalemyren i Holum vart samstundes tillagt Søgne kommune. Siste ordførar i Holum kommune var Kåre Kvidbergskår. Holum ligg nord og aust for Mandal, og tettstaden Holum ligg om lag 10 km nord for sentrum av byen. Holum kyrkje ligg på vestsida av Mandalselva. Søren Jaabæk og Bent Røiseland var frå Holum.
Kjente personar frå Holum
[endre | endre wikiteksten]- Johan Knudzen Nødbæk (bonde og sagbrukseigar), Stortingsrepresentant 1842 og 1845
- Søren Pedersen Jaabæk (lærer og bonde), Stortingsrepresentant 1845-1890
- Simon Pedersson Lie (bonde), Stortingsrepresentant 1851, 1854 og 1859–1860
- Even Rejerson (bonde og kyrkjesongar), Stortingsrepresentant 1871–1888
- Andreas Kaddeland (bonde), Stortingsrepresentant 1913–1915
- Nils Holbek (kjøpmann, redaktør), Stortingsrepresentant 1936–1945
- Bent Røiseland (bonde), Stortingsrepresentant 1945–1973
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |