Hopp til innhald

Husbanken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Husbanken, som tidlegare hadde namnet Den Norske Stats Husbank, vart skipa i 1946 og er det sentrale organet til den norske staten for gjennomføringa av bustadpolitikken ved både å administrere tilskottsordningar som til dømes bustønadsordninga, gje lån til bygging, ombygging og utbetring av bustader, og ved dei vilkåra som vert sette for å gje låna. Banken har finansiert meir enn halvdelen av alle bustader i Noreg etter den andre verdskrigen.

Husbanken har hovudkontoret i Drammen, der banken òg har eit regionkontor. Dessutan har banken regionkontor i Oslo, Arendal, Bergen, Trondheim, Bodø og Hammerfest.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]