Hyen
Utsjånad
Hyen | |||
stad | |||
Hyen sentrum
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gloppen | ||
Postnummer | 6829 HYEN | ||
Preposisjon | i Hyen | ||
Ferdselsårer | 615 | ||
Hyen 61°44′10″N 5°55′02″E / 61.73611111°N 5.91722222°E | |||
Wikimedia Commons: Hyen |
Hyen er ei bygd som ligg i Gloppen kommune i Vestland fylke. Innbyggjartalet er ca. 600. Hyen sentrum ligg inst i Hyefjorden, ein sidearm til Nordjord. Busetnaden er i hovudsak spreidd på desse dalføra: Austredalen, Vestredalen og Hyen sentrum. Bygda har vegsamband til kommunesenteret Sandane i aust, til Florø i vest og til Førde i sør.
Hovudnæringa i Hyen er jordbruk, men det vert òg drive med fiskeoppdrett og industri. Den største bedrifta er Brødrene Aa. Dette selskapet utviklar og produserer produkt i armert plast. Subsea vernedeksel, togfrontar og snøggbåtar er typiske produkt som vert levert av Brødrene Aa. Selskapet har røter tilbake til 1947.