I Believe in a Thing Called Love
I Believe in a Thing Called Love Singel av The Darkness frå albumet Permission to Land | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Utgjeve | 22. september 2003 | |
Innspelt | 2002–2003 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:40 | |
Selskap |
| |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Pedro Ferreira | |
The Darkness-kronologi | ||
«Growing on Me» (2003) |
I Believe in a Thing Called Love | «Christmas Time (Don't Let the Bells End)» (2003)
|
«I Believe in a Thing Called Love» er ein song av det engelske rockebandet The Darkness, gjeven ut som den tredje singelen frå debutalbumet deira, Permission to Land. Då han kom ut på singel i september 2003 nådde han andreplassen på UK Singles Chart, bak The Black Eyed Peas-songen «Where Is the Love?».[1] Songen gjekk òg inn på singellister verda over og vart ein topp 10-hit i Irland, New Zealand og Sverige, i tillegg til den amerikanske Billboard Modern Rock Tracks-lista.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]«I Believe in a Thing Called Love» kom opphavleg ut på ein EP i august 2002, men sidan det berre vart trykt eit lite opplag, gjekk han ikkje inn på noko salsliste då. EP-en inneheldt òg tidlege versjonar av «Love on the Rocks With No Ice» og «Love Is Only a Feeling».
I mars 2005 plasserte magasinet Q «I Believe in a Thing Called Love» på 47. plassen på lista over dei 101 beste gitarsongane. Han vart kåra til den 276. beste songen i 2000-åra av Pitchfork.[2] Han er òg plassert på 493. plassen på lista til magasinet Blender over dei 500 beste songane gjennom tidene og vart rangert på toppen av lista til Classic Rock Magazine over dei beste rockesongane i 2000-åra. Songen vart kåra til den 94. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[3] Eit konsertopptaket, spelt inn i Knebworth House i Knebworth i Hertfordshire i 2003, vart gjeven ut som B-sida til julesingelen deira, «Christmas Time (Don't Let the Bells End)». I ei lesarundersøking i Classic Rock Magazine i 2020 vart songen kåra til årets beste song dette hundreåret (så langt).[4]
Musikkvideoen var designa for å lansere bandet for den amerikanske marknaden.[5] Han var regissert av Alex Smith og syner bandet på eit romskip medan dei speler songen og sloss mot romvesen og monster.[6][7]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]
Britisk CD-singel[8]
Britisk avgrensa 7" biletplate[9]
Digital EP[10]
|
Britisk DVD-singel[11]
Australsk CD-singel[12]
|
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Hayseed Dixie i 2004 på albumet deira Let There Be Rockgrass.
- Damien Dempsey i 2003 på det veldedige albumet Even Better Than the Real Thing Vol. 1.
- Shayne Ward som deltakar på The X Factor i 2005.
- Lemar i 2007 på BBC Radio 1-albumet Live Lounge.
- Artist vs. Poet i 2010 på samlealbumet Rockin' Romance II.
- Panic! at the Disco på fleire konsertar.[37]
- Johnny Robinson som deltakar på The X Factor i 2011.
- Dylan Everett og Olivia Scriven på Degrassi i 2012.
- Adam Lambert og Chris Colfer i Glee-episodeen «Frenemies», i 2014.
- Scott Bradlee og Postmodern Jukebox gav ut ein New Orleans-jazz-versjon av songen i 2015, i lag med Maiya Sykes.
- Hanson spelte inn songen på EP-en Roots & Rock 'N' Roll i 2015.
- Delta Goodrem i 2016 på albumet hennar Wings of the Wild.
I popkulturen
[endre | endre wikiteksten]Songen var ein spelar song i musikkvideospela Karaoke Revolution Volume 2, Guitar Hero On Tour: Decades og Dancing Stage Fusion; som kjeldemusikk i ein episode av The Bill og i filmane Bridget Jones: The Edge of Reason og Mike and Dave Need Wedding Dates. Songen var med i den originale versjonen av SingStar. Han er med i både Rocksmith og Rock Band 3 som nedlastbart innhald.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I Believe in a Thing Called Love» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kelly, Warren (21. november 2017). «Hitmakers: The Darkness reveal the story behind I Believe in a Thing Called Love». Music Week. Henta 7. desember 2020.
- ↑ «The Top 500 Tracks of the 2000s: 500-201». Pitchfork.
- ↑ «spreadit.org music». Arkivert frå originalen 12. februar 2009. Henta 4. februar 2009.
- ↑ June 2020, Fraser Lewry22. «I Believe in a Thing Called Love by The Darkness voted greatest song of the 21st century». Classic Rock Magazine (på engelsk). Henta 1. juli 2020.
- ↑ Harrington, Richard (2. april 2004). «The Darkness Falls on U.S». Arkivert frå originalen 22. oktober 2012. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «The Darkness 'I Believe in a Thing Called Love'». Xfm. Henta 9. mai 2022.
- ↑ Massimo, Rick (1. april 2004). «Music - Music scene - Darkness: Rock with the benefit of hindsight». The Providence Journal. Arkivert frå originalen 22. oktober 2012. Henta 9. mai 2022.
- ↑ I Believe in a Thing Called Love (UK CD-singel liner notes). The Darkness. Must... Destroy!!, Atlantic Records. 2003. DARK01CD, 5050466889720.
- ↑ I Believe in a Thing Called Love (UK limited 7-inch picture disc sleeve). The Darkness. Must... Destroy!!, Atlantic Records. 2003. DARK01, 5050466889676.
- ↑ «I Believe In a Thing Called Love – EP». Apple Music. Henta 18. mai 2021.
- ↑ I Believe in a Thing Called Love (UK DVD single liner notes). The Darkness. Must... Destroy!!, Atlantic Records. 2003. DARK01DVD, 5050466889850.
- ↑ I Believe in a Thing Called Love (Australian CD-singel liner notes). The Darkness. Must... Destroy!!, Atlantic Records. 2003. 2564610712.
- ↑ "Australian-charts.com – The Darkness – I Believe in a Thing Called Love". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Ultratop.be – The Darkness – I Believe in a Thing Called Love" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «RR Canada Rock Top 30» (PDF). s. 59. Henta 6. oktober 2019.
- ↑ «Hits of the World – Eurocharts» (PDF). Billboard 115 (41): 79. 11. oktober 2003. Henta 12. juli 2020.
- ↑ "Lescharts.com – The Darkness – I Believe in a Thing Called Love" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – I Believe in a Thing Called Love". Irish Singles Chart.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – week 47, 2003" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Darkness – I Believe in a Thing Called Love" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Charts.org.nz – The Darkness – I Believe in a Thing Called Love". Top 40 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Darkness – I Believe in a Thing Called Love". VG-lista. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
- ↑ "Swedishcharts.com – The Darkness – I Believe in a Thing Called Love". Topp 60. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Archive Chart" UK Indie Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Official Rock & Metal Singles Chart Top 40". Official Charts Company. Retrieved 9. mai 2022.
- ↑ "The Darkness Chart History (Bubbling Under Hot 100)". Billboard. Retrieved 9. mai 2022.
- ↑ "Darkness?f=377&g=Singles The Darkness Album & Song Chart History" Billboard Alternative Songs for The Darkness. Prometheus Global Media.
- ↑ "The Darkness Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 9. mai 2022.
- ↑ "Darkness?f=381&g=Singles The Darkness Album & Song Chart History" Billboard Pop Songs for The Darkness. Prometheus Global Media.
- ↑ «Top 100 Songs of 2003». Raidió Teilifís Éireann. 2003. Arkivert frå originalen 2. juni 2004. Henta 16. mars 2022.
- ↑ «The Official UK Singles Chart 2003» (PDF). UKChartsPlus. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «End of Year Charts 2004». Recorded Music NZ. Henta 9. mai 2022.
- ↑ «British single salstrofé – Darkness – I Believe in a Thing Called Love». British Phonographic Industry. Enter I Believe in a Thing Called Love in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ «Panic! At the disco - I Believe in a Thing Called Love (Cover) - Center stage LIVE». Arkivert frå originalen 21. desember 2021 – via YouTube.