Jøkulkyrkja
Jøkulkyrkja | |||
fjell | |||
Jøkulkyrkja sett frå aust. Toppen er bak det som verkar å vere det høgaste punktet til høgre.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Mühlig-Hofmannfjella | ||
Topp | Dronning Maud Land | ||
• høgd | 3 148 moh. | ||
- koordinatar | 71°53′S 6°40′E / 71.883°S 6.667°E | ||
Lettast tilkomst | lett snø/isklatring | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Jøkulkyrkja 71°53′00″S 6°40′00″E / 71.883333333333°S 6.6666666666667°E | |||
Jøkulkyrkja, òg kalla Massiv Jakova Gakkelja, er eit breitt, isdekt fjell med fleire utspring, aust for Lundebreen i Mühlig-Hofmannfjella i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis. Med ei høgd på 3148 meter over havet er fjellet det høgaste punktet i Dronning Maud Land og alle området i verda som vert rekna som ein del av Noreg.[1] Jøkulkyrkja ligg ved Prinsesse Astrid Kyst. Håhellerskarvet på 2910 moh ligg i sørvest og mellom dei to toppane ligg den 40 km lange Lundebreen, som flyt nordvestover.
Oppdaging og namngjeving
[endre | endre wikiteksten]Jøkulkyrkja vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto av Den sjette norske antarktisekspedisjonen (1956–60) og namngjeve Jøkulkyrkja. Det første leddet jøkul tyder liten isbre.[2]
Den første stiginga av Jøkulkyrkja vart utført i januar 1994 av eit lag på 13 fjellklatrarar leia av Ivar Tollefsen. Den første kvinna som nådde toppen av fjellet var Merete Asak i november 2010.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jøkulkyrkja Mountain» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jøkulkyrkja Mountain» (innhald frå Geographic Names Information System).
- ↑ Store Norske Leksikon. «Jøkulkyrkja» (på norsk). Henta 18. mars 2013.
- ↑ USGS GNIS: Jøkulkyrkja Mountain