Jevgenij Zamjatin
Jevgenij Zamjatin | |
Verkeleg namn | Kyrillisk skrift Евгений Иванович Замятин |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Fødd | 20. januar 1884 Lebedjan |
Død |
10. mars 1937 (53 år) |
Yrke | science fiction-forfattar, ingeniør, satiriker, librettist, manusforfattar, skodespelforfattar, skribent, litteraturkritikar, romanforfattar, prosaforfatter, kommentator |
Politisk parti | bolsjevik |
Sjanger | science fiction, politisk satire, dystopisk fiksjon, spekulativ fiksjon, historisk roman, teater, libretto |
Jevgenij Zamjatin på Commons |
Jevgenij Ivanovitsj Zamjatin (fødd 1. februar 1884 i Lebedjan, død 10. mars 1937 i Paris) var ein russisk forfattar som er mest kjend for romanen Vi (1920), ein dystopisk satire som var noko av inspirasjonen bak George Orwell si 1984 og visstnok òg Aldous Huxley sin Vidunderlege nye verden. Romanen handlar om eit framtidig totalitært samfunn der menneska nærast er omskapte til robotar. Boka vart først gjeven ut i Sovjetunionen under glasnost i 1980-åra.
Zamjatin slo igjennom med romanen Provinsliv i 1913. Andre satiriske forteljingar var Hulen og Mamaj. Han studerte marinteknikk og jobba med det før hobbyen med å skrive skjønnlitteratur vart fulltidsyrket. Som så mange andre støtta han oktoberrevolusjonen, men kom seinare i unåde hos det nye regimet på grunn av den brysame litteraturen hans. Han emigrerte derfor i 1931 og døydde i Paris i 1937.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Jevgenij Zamjatin» frå Wikipedia på bokmål, den 13. februar 2010.
- «Jevgenij Ivanovitsj Zamjatin» av Jostein Børtnes i Store norske leksikon, snl.no.