Joseph Louis Gay-Lussac
Joseph Louis Gay-Lussac | |||
Joseph Louis Gay-Lussac | |||
Fødd | 6. desember 1778 Saint-Léonard-de-Noblat | ||
---|---|---|---|
Død | 9. mai 1850 (71 år) Paris i Frankrike | ||
Nasjonalitet | Fransk | ||
Område | Kjemi | ||
Yrke | fysikar, kjemikar, politikar, ingeniør, universitetslærar, styremedlem | ||
Institusjonar | Universitetet i Paris École polytechnique Manufacture royale de glaces de miroirs | ||
Alma mater | École polytechnique | ||
Doktorgradsrettleiar | Claude Louis Berthollet | ||
Kjend for | Gay-Lussac-lova | ||
Ektefelle | Geneviève-Marie-Joseph Rojot | ||
Medlem | Royal Society Société philomathique de Paris Akademie gemeinnütziger Wissenschaften Kungliga Vetenskapsakademien Det franske vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Det bayerske vitskapsakademiet Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen Accademia delle Scienze di Torino |
Joseph Louis Gay-Lussac (6. desember 1778–9. mai 1850) var ein fransk kjemikar og fysikar.
Gay-Lussac utførte ballongferder i 1804 og 1805 i lag med Jean-Baptiste Biot for å studere jordmagnetismen og samansetnaden til lufta i ulike høgder. Han fann ut at jod er eit grunnstoff og var den første som framstelte dicyan og isolerte bor. Gay-Lussac grunnla òg titreranalysen.
Gay-Lussac oppdaga i saman med Alexander von Humboldt gassvolumlova, som var av grunnleggjande tyding for Avogadro og hypotesen hans. Han offentleggjorde dei fleste arbeida sine i Annales de chimie, som han saman med Arago var utgjevar av 1816–1840.
Han var frå 1808 professor i fysikk ved Sorbonne, og frå 1809 òg professor i kjemi ved École polytechnique. I 1832 vart han professor i allmenn kjemi ved Jardin des plantes i Paris.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ormestad, Helmut. (2009, 14. februar). Joseph Louis Gay Lussac. I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013 frå http://snl.no/Joseph_louis_gay-Lussac.
- Einskildmenn
- Fødde i 1778
- Døde i 1850
- Elevar ved École Polytechnique
- Folk frå Haute-Vienne
- Grunnstoffoppdagarar
- Franske kjemikarar
- Franske fysikarar
- Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet
- Medlemmar av Royal Society
- Bor
- Fysikarar på 1800-talet
- Kjemikarar på 1800-talet