Joseph Williams
Joseph Williams | |||
Joseph Williams med Toto i Örebro i Sverige den 3. juli 2013. | |||
Fødd | 1. september 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Santa Monica | ||
Fødenamn | Joseph Stanley Williams | ||
Opphav | Santa Monica i California | ||
Aktiv | 1982 til i dag | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | vokal, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Toto | ||
Verka som | Songar, filmkomponist | ||
Mor | Barbara Ruick | ||
Far | John Williams |
Joseph Stanley Williams (fødd 1. september 1960) er ein amerikansk rockesongar og filmmusikkomponist, mest kjend for arbeidet med rockebandet Toto. Han er son av filmkomponisten John Williams og skodespelarinna/songar Barbara Ruick og barnebarn av jazztrommeslagaren Johnny Williams og skodespelarane Melville Ruick og Lurene Tuttle.
Joseph Williams var solovokalist med Toto i midten og slutten av 1980-åra og var med på albuma Fahrenheit (1986) og The Seventh One (1988) før han slutta på grunn av personlege problem. Han er òg med på Toto-albumet Falling in Between i 2006. I 2010 kom Williams med som fast songar i Toto igjen.[1]
Williams gav ut det første soloalbumet sitt i 1982 og etter han slutta i Toto kom fleire album. Mange av medlemmane i Toto har spelt på soloprosjekta hans.
Joseph Williams har òg skrive musikk til mange filmar og fjernsyn, som «Roswell» og «The Lyon's Den» med Rob Lowe. I 2003 vart han nominert til ein Emmypris for kjenningsmelodien til serien Miracles.[2]
Som studiomusikar har Williams arbeidd med Peter Cetera, Jay Graydon, Jon Anderson og Chicago.
I animasjonsfilmen Løvenes konge song han stemma til den vaksne Simba på songane «Hakuna Matata» og «Can You Feel the Love Tonight».
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Toto-album
[endre | endre wikiteksten]- 1986: Fahrenheit
- 1988: The Seventh One
- 1998: Toto XX
- 2006: Falling in Between
- 2014: 35th Anniversary - Live in Poland
- 2015: Toto XIV
Soloalbum
[endre | endre wikiteksten]- 1982: Joseph Williams (re-released 2002)
- 1996: I Am Alive
- 1997: 3
- 1999: Early Years
- 2003: Vertigo
- 2006: Two of Us
- 2006: Vertigo 2
- 2007: Smiles og Tears
- 2008: This Fall
- 2011: Williams/Friestedt
Gjestevokal (utdrag)
[endre | endre wikiteksten]- 1983: Lapti Nek (Urth)
- 1984: Which One Of Us Is Me (Jay Gruska)
- 1985: Save The Night (Goonies soundspor)
- 1985: Sleepess Nights (Alan Gorrie)
- 1988: In The City of Angels (Jon Anderson)
- 1989: My Heart In Red (Ijiima Mari)
- 1990: Tatsuro Songs from L.A. (samleplate)
- 1990: Toy Matinee (Toy Matinee)
- 1991: Tatsuro Songs from L.A. 2 (samleplate)
- 1991: Fade In Love (samleplate)
- 1992: Re-Import (samleplate)
- 1992: Goody's (samleplate)
- 1992: The Radical Light (Vonda Shepard)
- 1993: Airplay for the Planet (Jay Graydon)
- 1993: L.A. Cowboys / Endless Summer (samleplate)
- 1994: Love Stories 3 (samleplate)
- 1994: The Lion King (Original Movie Soundtrack)
- 1997: California Dreamin' (West Coast All Stars)
- 1998: Naturally (West Coast All Stars)
- 1999: ELT Songs From L.A. (samleplate)
- 1999: In A Dream (Lionel's Dad)
- 2002: LA Project (Peter Friestedt)
- 2006: Avalon (The Richie Zito Project)
- 2008: LA Project II (Peter Friestedt)
- 2008: Holy God (Brian Doerksen)
- 2014: My Kind O' Lovin' (Intelligent Music Project II)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Joseph Williams (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Official TOTO Website - Joseph Williams». www.toto99.com. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ «Awards for Joseph Williams». IMDb.com. Henta 17. oktober 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Joseph Williams ved The Internet Movie Database (IMDb)