Kharkov
- Kharkov er òg det russiske namnet på den ukrainske byen Kharkiv.
Kharkov | |||
elv | |||
Kharkovelva i Kharkiv
| |||
Land | Russland, Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 160 km² | ||
Lengd | 71 km | ||
Middelvassføring | 2,62 m³/s | ||
Kjelde | Belgorod oblast i Russland | ||
Munning | Lopan | ||
Kharkov 50°26′14″N 36°26′24″E / 50.437248°N 36.439897°E | |||
Wikimedia Commons: Kharkiv River |
Kharkov (russisk Харьков; ukrainsk Ха́рків - Kharkiv) er ei elv i Ukraina og Russland og ei av sideelvane til Lopan frå venstre.
Elva er 71 km lang med eit nedslagsfelt på 1160 km². Elva har utspring i Krivenkovom Jaru mellom landsbyane Boldyrevka, Saltykovo og byen Oktiabrskij i Belgorod oblast i Russland. Langs elva ligg tettstadane Kharkiv Liptsy og Tsirkuny og elva munnar ut i Lopan ved byen Kharkiv i Ukraina. Ved munningen har elva ei middelvassføring på 2,62 m³/s. Kharkov munnar ut i Lopan 10 km før ho igjen munnar ut i Udy. Kharkov har ei gjennomsnittleg helling på 0,80 meter per kilometer. Breidda på elva varierer frå 2 meter i starten til 20 meter ved munningen, medan djupna varierer frå 0,3 til 0,3 meter. Under vårflaumen stig vassnivået til 2-4 meter. Elva kan derimot tørke heilt inn om sommaren.
Elva frys til i slutten av november eller tidleg i desember og vert isfri att i starten av mars.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Харьков (река)» frå Wikipedia på russisk, den 19. oktober 2008.