Kråkenes fyrstasjon
Kråkenes fyr sett frå haugen der vindmålaren står | |||
Fylke | Vestland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Kinn | ||
Funksjon | Leifyr, tidlegare fiskefyr | ||
Oppretta | 1906 | ||
Koordinatar | 62°02.0846′N 4°59.1384′E / 62.0347433°N 4.9856400°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 10,5 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Okkulterande glimt kvart 6. sekund | ||
Lyshøgd | 45,2 moh. | ||
Lysvidde | 12,8 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten ved Kystverket | ||
Automatisert | 1986 | ||
Avfolka | 1991 | ||
Kråkenes fyrstasjon 62°02′04″N 4°59′08″E / 62.03444444°N 4.98555556°E | |||
Kråkenes fyr ligg lengst nordvest på øya Vågsøy i Kinn kommune i Vestland. Fyret vart oppretta i 1906, og vart automatisert i 1986. Kråkenes fyr er eitt av dei viktigaste turistmåla på Vågsøy.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Fyret vart bygt i 1906 og lykta vart tend første gong i oktober dette året, etter at det i 1904 var løyvde 42 000 kroner til å byggje ein fyrstasjon her. I 1911 vart det bygt bustad for fyrassistenten på fyret.
Bombeåtak under andre verdskrigen i 1945 førte til at fyret brann ned, men eit nytt bygg stod ferdig i 1950. Fyret vart elektrifisert i 1961.
Den siste fyrvaktaren flytta frå stasjonen i 1982, men fyret vart først automatisert i 1986. I 1994 vart fyret restaurert av private leigetakarar og i 1997 vart det opna kafé i fyret med høve for overnatting og ein brudesuite.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Området er særs vêrhardt og vêrstasjonen som ligg her er den som oftast måler storm og orkan i landet. Frå 1982 og fram til i dag er det registrert om lag 150 tilfelle med vind opp i orkan styrke her. Dei høgaste vindkasta er målt til over 60 m/s (215 km/t). Dei mest utsette vindauga i fyret er forsterka med pleksiglas for at bølgjene ikkje skal slå dei inn. Bølgjene klatrar oppover klippene og kan nå ei høgd på 60 meter. Det harde vêret krev mykje vedlikehald av fyret og dette har gjort at målingsprodusenten Jotun testar måling her. Sørveggen på fyrbygningen er vorte kalla den mest vêrharde husveggen i heile landet.
Målaren til fyret står på ein haug oppfor sjølve fyret, og ligg særs utsett til for vind. Vêrstasjonen har vore i drift sidan januar 1926, men vart flytta opp på haugen ovanfor fyret i oktober 1991. Stasjonen ligg i dag 75 meter over havet.
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Temperatur (°C) | 2,8 | 2,6 | 3,2 | 4,7 | 8,2 | 10,8 | 12,6 | 13,0 | 11,1 | 9,0 | 5,5 | 3,8 | 3,8 |
Nedbør (mm) | 117 | 84 | 90 | 62 | 55 | 61 | 84 | 110 | 162 | 164 | 153 | 138 | 1280 |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008 - side 245» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Kråkenes fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
- «Kråkenes fyr». Store Norske Leksikon.