Hopp til innhald

La India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La India

Fødd9. mars 1969 (55 år)
FødestadRío Piedras
FødenamnLinda Bell Viera Caballero
AliasLa India
OpphavUSA
Aktiv1985–
Sjangerfreestyle music, Salsa, house, latino-pop
Instrumentvokal
PlateselskapReprise Records, Warner Bros. Records, RMM Records, MCA Records, Strictly Rhythm, Sony Latin, Top Stop Music
Verka somsongar, salsamusiker, plateartist
PrisarLatin Grammy Award for Best Salsa Album

Linda Bell Viera Caballero (fødd 9. mars 1969), kjend som La India, er ein puertoricansk songar og låtskrivar innan salsa, house og latinopop. La India har vore nominert til både Grammy- og Latin Grammy-prisar, og vann den Latin Grammy-prisen for Best Salsa Album i 2016 for albumet Intensamente La India Con Canciones De Juan Gabriel.[1]

Viera blei fødd i Río Piedras i San Juan. Foreldra hennar flytta til New York by kort tid etter at ho var fødd, og slo seg ned sør i Bronx. Dei budde fyrst hjå bestemora til Viera, ei kvinne som fekk viktig innverknad på livet til Viera.[2] Viera byrja å synge som ung, og fekk til og med operaopplæring ei kort tid.[3] Namnet hennes, «La India» eller ‘indianarjenta’, blei gjeve til henne av bestemora fordi ho hadde mørk hudfarge og langt, rett, svart hår.[4] La India har omtalt seg sjølv som feminist, etter å ha vore vitne til vald i heimen frå far sin.[5]

1985: Tidleg karriere

[endre | endre wikiteksten]

I 1985, då Caballero var 16 år gamal, blei ho med i latin freestyle-gruppa TKA. Ho er godskriven som «Linda» og er med på gruppfotoet på baksida av den andre singelen til TKA, «Come Get My Love». Ho gjekk ut av gruppa etter kort tid.[6]

Caballero skreiv platekontrakt med Reprise/Warner Bros. Records, som planla å marknadsføra henne som den latinske versjonen av Madonna (som hadde kontrakt med systermerket Sire Records).[7] Debutalbumet til India heitte Breaking Night. Det kom ut tre singlar frå albumet («Dancing on the Fire», «Right from the Start» og «The Lover Who Rocks You All Night»), som alle blei store hittar i danseklubbar. Ho song også vokal på den Jellybean-produserte singelen «Mirage». Etter å ha spelt inn albumet sitt, bestemte Caballero seg for at ho ikkje ville halda fram på denne vegen i karrieren sin.[4][6] Ho bestemte seg for å gå over til salsa fordi ho trudde at ho trengte å «kryssa over for å finna sine folk».[3]

1992-1994: Fyrste salsa-album

[endre | endre wikiteksten]

Ei viktig hending i karrieren hennar fann stad då ho var med mannen sin, «Little» Louie Vega til ein studio-sesjon. Salsa-bandleideren Eddie Palmieri kom til studioet og blei imponert over Caballero då han høyrde henne synge. I 1992 produserte Palmieri det fyrste salsaalbumet til Caballero, Llego La India via Eddie Palmieri, som blei hylla som eit av dei beste salsaalbuma det året.[3][8] Frå denne tida blei Caballero kjend som La India.[6] India fekk ein Lo Nuestro-prisnominasjon i 1993 for for beste kvinnelege utøvar, Tropical/Salsa.[9]

I 1994 spelte La India og Louie Vega inn singelen «Love and Happiness» (Yemaya y Ochún), som gav merksemd til santería (ein synkretisk religion basert i Karibia). Dette oppbeat-tracket blei mykje spelt i danseklubbar internasjonalt. La India si innblanding i santería fekk også ein god del kritikk. Sergio George produserte La India sitt album Dicen Que Soy frå 1994, ein Billboard-hit som selde to gonger til gull og som auka stjerna hennar i den latinamerikanske musikkverda.[3] Albumet inneheldt òg ein coverversjon av den cubanske Adalberto Alvarez Y Su Son sin hitsong «Vivir Lo Nuestro»,[10] med ein duett med Marc Anthony. Seinare same år blei Combinación Perfecta gjeven ut.[4]

1996-i dag: La India, prinsessa av salsa

[endre | endre wikiteksten]

I 1996 samarbeidde La India med Tito PuenteJazzin, eit engelskspråkleg album av swingklassikarar med ein latinsk vri som kom ut på RMM Records. Same året bidrog ho med songen «Banderas» på albumet med Voces Unidas, ei hylling til Dei olympiske sommarleikane 1996. Ho gav òg ut India: Mega Mix same året, før ho skilde seg frå Vega. La India song ein duett med tittelen «La Voz de la Experiencia» med Celia Cruz, kjend som dronninga av salsa.[3] Det var då Cruz gav Caballero tittelen «La India, prinsessa av Salsa». I 1997 spela La India inn «Sobre el Fuego» med den puertorikanske salsasongaren Kevin Ceballo som bakgrunnssongar. Songen blei nominert til Best Latin Tropical Performance ved Grammyprisen. I 1998 vann ho ein ACE-pris.[6]

31. mai 1998 heldt La India to utselte konsertar i Luis A. Ferre Performing Arts Center i San Juan på Puerto Rico. Etter at ho drog tilbake til USA sendt TV-nettverket UPN ei av framsyningane hennar. Etter opplæring frå den berømte koreografen frå New York Sara D'Arce heldt India òg konserter i Madison Square Garden i New York og på El Festival de la Calle Ocho i Miami. I september 1999 gav La India ut albumet Sola, som fekk positiv omtale for singelen «Sola» og for coverversjonar av to hitar av den avdøde cubanske stjerna La Lupe, «Que Te Pedi» og «Si Vuelves Tu».[4]

5. februar 2000 blei La India gratulert for sin andre grammynominasjon med ein fullsides annonse i Billboard Magazine. I mars 2000 var ho med i Vibe Magazine. 26. november 2003 gav La India ut Latin Songbird: Mi Alma y Corazón.[3] Hovudsingelen frå albumet «Sedúceme» blei ein hit på dei latinske listene, og toppa Billboard Hot Latin Tracks i fleire veker. Denne romantiske salsa-songen var den fyrste topplasseringa til La India. Latin Songbird gav henne ein ny fanbase med mange prisar og nominasjonar, inkludert to Latin Grammy-nominasjonar for Best Salsa Album og Best Tropical Song i 2003, og den tredje Grammy-nominasjonen hennar for Best Salsa Album i 2004.[11]

I 2005 var La India med i den musikalske framsyninga Selena ¡VIVE!, ei hylling til den avdøde tejano-stjerna Selena Quintanilla-Perez. I 2006 gav La India ut albumet Soy Diferente, som inneheldt to songar som blei prisvinnande hittar. I 2007 vann La India beste tropiske album av året for Soy Diferente ved Latin Billboard Awards og Latin Dance Club Play Track of the Year for «Solamente Una Noche». I 2007 samarbeidde ho med Gloria Estefan om ein duett med tittelen «90 Millas».[11]

La India filma under ein konsert på Ellis Island i 2007.

11. juni 2006 blei La India æra av Union City i New Jersey med ei stjerne på Walk of Fame i Celia Cruz-parken i byen.[12]

23. februar 2010 gav La India ut singelen «Estupida» på iTunes. Singelen var ein coverversjon av den italienske songen «Stupida» av Alessandra Amoroso frå 2009. Det niande studioalbumet hennar, Unica, kom ut 1. juni 2010.

I 2011 heldt La India fram med å gje ut ny musikk. Ho spelte inn ein duett m ed Issac Delgado og gav ut house-låten «Tacalacateo», der ho samarbeidde med den italienske DJ-en Peppe Citarella. «Tacalacateo» nådde 13. plass på Billboard si dance-liste.

I 2012 opptredde La India på UNITY: The Latin Tribute to Michael Jackson, i lag med artistar som Tito Nieves og Kevin Ceballo.[13]

I 2014 skreiv La India ny kontrakt med plateselskapet Top Stop Music, og blei også med i Salsa Giants-prosjektet med Sergio George. Ho gav ut det tiande salsaalbumet sitt, Intensamente Con Canciones de Juan Gabriel, på Top Stop Music i 2015. Det inneheld duetter og solospor av begge artistar. Albumet nådde fyrsteplassen på Billboard si tropiske liste fire veker på rad. Særleg ein av songane, «Ahora Que Te Vas», steig raskt til fyrsteplassen på Billboard si tropiske liste. Med denne songen blei La India den kvinnelge latinske aristen med flest nummer ein-songar, ein rekord Gloria Estefan tidlegare hadde hatt.[14]

I 2023 rangerte Rolling Stone La India som nummer 113 på lista si over dei 200 største songarane til alle tider.[15]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre | endre wikiteksten]
År Tittel Topplasseringar Salstrofe
US US Tropical US Latin Heatseekers
1990 Breaking Night
1992 Llego La India, Via Eddie Palmieri
  • Merke: Soho Sounds
  • Format: LP • CD • cassette
5
1994 Dicen Que Soy
  • Merke: RMM
  • Format: LP • CD • kassett
1 4
1997 Sobre el Fuego
  • Merke: RMM
  • Format: CD • kassett
1 4 33
1999 Sola
  • Merke: RMM
  • Format: CD • kassett
4 7 20
2002 Latin Songbird: Mi Alma y Corazón
  • Merke: Sony Discos
  • Format: CD
1 7 19
  • RIAA: Platina (Latin) 
2006 Soy Diferente
  • Merke: Univision Music Group
  • Format: CD
1 11 9
  • RIAA: Gull (Latin) 
2010 Unica
  • Merke: Top Stop Music
  • Format: CD
180 1 4
2015 Intensamente Con Canciones de Juan Gabriel
  • Merke: Top Stop Music
  • Format: CD
1 3
"—" tyder at album ikkje kom inn på lista eller ikkje kom ut i denne regionen.
  1. «Latin Grammy Winners 2016: Complete List». Billboard. 
  2. «India | Biography & History» (på engelsk). Henta 18. oktober 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «La India and Marc Anthony | The Legends | Latin Music USA». Henta 16. mars 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Cengage Learning – Education – Engaged with you». Galegroup.com. Arkivert frå originalen 24. juli 2008. Henta 11. oktober 2015. 
  5. Valdes-Rodriguez, Alisa (April 9, 2000). «Commanding Respect». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen June 9, 2022. Henta June 9, 2022. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «pf – La India – Latin Music Artists – Corporate Event Booking Agent». Delafont.com. Arkivert frå originalen 21. mars 2016. Henta 11. oktober 2015. 
  7. «La India – Supreme Princess of Salsa» (på engelsk). Henta 18. oktober 2019. 
  8. Aparicio, Frances R. «La India». doi:10.1093/gmo/9781561592630.article.A2093294. Henta 16. mars 2019. 
  9. Lannert, John (March 30, 1993). «Secada Lead Latin Noms Following Grammy Win». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 105 (10): 10. Henta January 3, 2013. 
  10. «Adalberto Álvarez y su Son, Discografía, Salsero del mes». 
  11. 11,0 11,1 «La India's About More Than Just Salsa». Puerto Rico Herald. Henta 11. oktober 2015. 
  12. Rosero, Jessica. "Viva la comunidad Cubano North Hudson celebrates at the annual Cuban Day Parade" Hudson Reporter 18. juni 2006
  13. «Unity – The Latin Tribute to Michael Jackson | 2015 PBS Arts Fall Festival | PBS Arts». Henta 16. mars 2019. 
  14. Mendizabal, Amaya (15 July 2015). «India Passes Gloria Estefan for Most Tropical Song Charts No. 1s Among Women». Billboard. 
  15. «The 200 Greatest Singers of All Time». Rolling Stone (på engelsk). 1. januar 2023. Henta 17. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: La India