Magnar G. Huseby
Magnar G. Huseby | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. desember 1928 Åsen i Levanger |
Død | |
Yrke | politikar, ingeniør |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Magnar Gunnbjørn Huseby (14. desember 1928–2. juli 2011) var ein norsk elektroingeniør og politikar frå Åsen i Nord-Trøndelag. Han representerte Sør-Trøndelag og partiet Høgre på Stortinget i tida 1981-89.
Far til Huseby var styrar av Åsen elektrisitetsverk, der sonen i yngre år var hjelpemontør. Han tok i 1948 artium i Levanger og sidan eksamen ved elektrolinja på Norges Tekniske Høgskole i Trondheim i 1952. Frå då av var Huseby teknikar, ingeniør og vernesjef ved Trondheim Elektrisitetsverk til 1979. Han tok desse åra på seg ei rekke tillitsverv i NITO, mellom anna var 1964-68 medlem i hovudstyret.
Huseby var medlem av Trondheim kommunestyre frå 1968 til 1983. Han var ei tid medlem av formannskapet og han var kommunalråd 1980-81. Ved stortingsvalet i 1981 fekk Huseby fast plass på Stortinget og vart attvald i 1985. Alle åtte åra som tingmann var han medlem i Kommunal- og miljøvernkomiteen. Han vart snøgt ein sentral talsmann for Høgre i bustadpolitiske spørsmål, eit politisk viktig felt i Willoch-regjeringa si tid. Huseby var også sekretær i Lagtinget.
Etter at han gjekk ut av Stortinget i 1989 arbeidde Huseby som prosjektleiar ved Miljøpakke Trondheim til 1994. Han engasjerte seg seinare i både Pensjonistforbundet, eldrerådet i Trondheim og som medlem av Statens Eldreråd.