Hopp til innhald

Michael Somare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Somare

Fødd9. april 1936
Rabaul
Død26. februar 2021 (84 år)
Statsborgar avPapua Ny-Guinea
Partipartilaus (1988; 1994)
Yrkepolitikar, lærar, radiojournalist
EktefelleVeronica Somare
BarnArthur Somare, Dulciana Somare-Brash, Michael Maiwa Somare, Bertha Somare, Sana Somare
Alle verv
  • Medlem av Det kongelige råd
  • Papua Ny-Guineas statsminister
  • Papua Ny-Guineas statsminister (2002–2011)
  • Minister of Foreign Affairs (2000–2000)
  • Minister of Foreign Affairs (2006–2006) Sjå dette på Wikidata

Michael Thomas Somare (9. april 193626. februar 2021)[1] var ein papuansk politikar som var statsminister i Papua Ny-Guinea frå sjølvstendet i 1975 og til 1980, frå 1982 til 1985 og igjen frå 2002 til 2011.[2]

Somare fekk skulegang og arbeidde som lærar før han blei radiojournalist. I 1965 flytta han til Port Moresby for å utdanne seg ved Administrative College. Han blei med i ein krins som ønskte papuansk sjølvstende frå Australia og i 1967 blei Papua New Guinea Union (Pangu) skipa.[2]

Somare blei fyrste gong vald til parlamentet for provinsen East Sepik i 1968.[2]

Tre gongar statsminister

[endre | endre wikiteksten]

Somare blei førsteminister då Papua Ny-Guinea fekk sjølvstyre i 1973.[3] Då landet blei ein sjølvstendig stat 16. desember 1975, blei Somare den fyrste statsministeren. Han hadde regjeringsmakta til 1980.

Ein ny statsministerperiode følgde frå 1982 til 1985. I åra frå 1988 til 1992 var han utanriksminister.

Den 5. august 2002 blei Somare vald til statsminister på nytt.[4] I 2007 vann han attval.[5] Han trekte seg i 2011 på grunn av sviktande helse,[6] men forsøkte seinare same år å få tilbake statsministerposten frå Peter O'Neill. Dette førte til ei politisk og konstitusjonell krise,[7] mytteri blant dei militære i landet,[8] og ein tilstand med to statsministrar før Somare til slutt veik for O'Neill.[9]

I 2012 blei Somare guvernør for East Sepik, eit verv han hadde til han i 2017 trekte seg tilbake frå det politiske livet.[10]

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Somare var innehavar av Logohu-ordenen,[11] den fremste ordenen i Papua Ny-Guinea.

I 1976 blei Somare utnemnd til medlem av Det kongelege rådet i Storbritannia.[12] Utnemninga til Order of the Companions of Honour følgde i 1978.[13] Somare blei i 1990 utnemnd til storkrosriddar av Sankt Mikaels og Sankt Georgs orden.[14] Han blei dimed adla og fekk retten til å føre tiltaleforma sir føre sitt navn.

Somare mottok også Fiji-ordenen.[15]

  1. «'Father of the nation': Former Papua New Guinea prime minister Sir Michael Somare dies at 84». www.abc.net.au (på engelsk). 25. februar 2021. Henta 25. februar 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Rowan Callick: «Cover Story: Somare -- A Political Survivor» Arkivert 9. juni 2008 på Wayback Machine., Islands Business, 2007.
  3. «Papua New Guinea profile – timeline», BBC News, 15. august 2012.
  4. «PNG chooses new prime minister», BBC News, 5. august 2002.
  5. «PNG lawmakers elect Somare as PM», BBC News, 13. august 2007.
  6. «Papua New Guinea's Sir Michael Somare ends 50-year role», BBC News, 28. juni 2011.
  7. «Papua New Guinea moves to end 'two PMs' crisis», BBC News, 14. desember 2011.
  8. «PNG mutineers 'seek pardon' amid power tussle», BBC News, 27. januar 2012.
  9. «O'Neill sworn in as Papua New Guinea leader», BBC News, 3. august 2012.
  10. «PNG's 'father of the nation' farewells parliament», Radio New Zealand, 4. april 2017. Lest 15. april 2017.
  11. «Pomp, Pacific colours as British royals tour PNG», The West Australian, 4. november 2012.
  12. London Gazette, nr. 47109, 30. desember 1976, s. 73.
  13. London Gazette, nr. 47556 , 2. juni 1978, s. 6283.
  14. London Gazette, nr. 52178, 15. juni 1990, s. B43.
  15. «Meeting the Prime Minister, Hon. Qarase, in his office». State Visit by Sir Michael Somare, the Prime Minister of Papua New Guinea. Government of Fiji. Arkivert frå originalen 24. oktober 2007. Henta 1. september 2013.