Michel Rolle
Utsjånad
Michel Rolle | |||
| |||
Fødd | 21. april 1652 Ambert | ||
---|---|---|---|
Død | 8. november 1719 Paris | ||
Nasjonalitet | Frankrike | ||
Område | algebra, geometri | ||
Yrke | matematikar | ||
Institusjonar | François Michel Le Tellier de Louvois Det franske vitskapsakademiet | ||
Medlem | Det russiske vitskapsakademiet Det franske vitskapsakademiet |
Michel Rolle (21. april 1652–8. november 1719) var ein fransk matematikar. Han var ein av pionerane innan differensial- og integralrekning.
Han er mest kjend for Rolle-teoremet: Viss ein deriverbar reell funksjon f er slik at f(a) = f(b), så finst eit tal c mellom a og b slik at den deriverte av funksjonen er null, det vil sei f ʹ(c) = 0.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Michel Rolle. (2012-01-15) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Michel_Rolle