Hopp til innhald

Midhordland prosti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Midhordaland prosti var eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femnde kommunane Austevoll, Fusa, Os og Samnanger i Hordaland og prosten hadde sete på Osøyro. Prostiet vart lagt ned 1. mars 2014 og sokna overført til naboprostia.[1] Os og Austevoll vart overført til Fana prosti og Fusa og Samnanger til Hardanger og Voss prosti.

Før 2000 høyrde også Askøy, Fjell, Sund og Øygarden til prostiet.[2]

Prostia er inndelte i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Prestegjeld og sokn i Midhordaland prosti

[endre | endre wikiteksten]

Prestetenesta var før organisert lokalt i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Midhordland prosti desse prestegjelda:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]