Millisekund
Utsjånad
Millisekund er ei SI-eining for måling av tid, avleidd av sekund. Eitt millisekund er lik 10−3 sekund. Symbolet for millisekund er ms.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Millisekund blir brukt for å måla hendingar som tek tilsvarande lita tid. Døme på ting ein kan måla i millisekund:
- 1,0 millisekund er éin periode for frekvensen 1 kHz
- 1 ms er normal varnad for ein typisk fotografiblitz
- 2 ms er halveringstida for hassium-265
- 2,27 ms er perioden for nota A over middel C (440 Hz). Dette er den vanlege lyden for ein stemmegaffel.
- 3 ms er tida det tek ei fluge å slå ein gong med vengene
- 3,4 ms er halveringstida for meitnerium-266
- 5 ms er tida det tek ei bie å slå ein gong med vengene